Utanlandsk designkontrakt for Marin Teknikk
LINE: Den nye linebåten vert 60,50 meter lang, får ei breidde på 13 meter og innreiing for 30 personar,
Nytt

Utanlandsk designkontrakt for Marin Teknikk

Den Tersan-bygde linebåten skal fiske etter patagonsk tannfisk i Antarktis.

06.01.2020
Herøy-selskapet Marin Teknikk har inngått kontrakt med eit internasjonalt fiskeriselskap for levering av design og engineering av ein linebåt.
"Det er veldig gledeleg at eit nytt utanlandsk fiskeriselskap kjem til Marin Teknikk for å designe sin fiskebåt. Kontrakten styrker Marin Teknikk sin posisjon i det krevjande og ikkje minst spennande markedet innanfor design av fiskefartøy", opplyser Herøy-seslakpet i ei pressemelding måndag.
Fartøyet vert bygd med høg isklasse og skal i hovudsak drive fiske i Antarktis etter 'patagonian toothfish'.

Innreidd for 30 personar

Fartøyet vil ha ei lengde på 60,50 meter, ei breidde på 13 meter og innreiing for 30 personar, opplyser Marin Teknikk i pressemeldinga.
Fiskefartøyet skal byggast på Tersan Shipyard i Tyrkia med byggenummer 1101 og vert den åttande fiskebåten med MT-design som blir bygd på verftet.
Planlagt levering for fartøyet er 1. september 2021.

Krevjande isforhold

Marin Teknikk opplyser i pressemeldinga at fartøyet skal utrustast med eit moderne autolinesystem og fabrikk der det er lagt fokus på logistikk og skånsam hndtering av fisken for best mulig kvalitet på produktet. Fabrikken vil også vere utstyrt med system for å ta vare på restråstoff av fisken.
Skrogdesign og framdriftssystem er optimalisert for operasjoner i krevjande isforhold samt for reduserte utslepp av miljøfarlege avgassar.
Selskapet opplyser at fleire norske leverandørar får nyte godt av kontrakten med forskjellig utstyrsleveransar til fartøyet.

Publisert: 06.01.2020 11:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:49