Nytt
Utbytterik baking
Veksten held fram for Valaker Bakeri og Konditori. Betalar 3,5 millionar i utbytte for tredje år på rad.
Kristin Vidhammer
08.06.2018
Valaker Bakeri og Konditori eig og driv 11 konditorutsal på Sunnmøre og i Romsdal.
I 2015 fekk selskapet ein avtale med Coop som sikra landsdekkande distribusjon av kaker frå Sunnmøre. I 2016 kom og ein landsdekkande distribusjonsavtale mot hotell- og restaurantmarknaden på plass.
Valaker Bakeri og Konditori fortsette dermed veksten i fjor. Omsetninga hamna på 52 millionar kroner og resultatet før skatt vart 5,2 millionar (sjå tabell). Det var i fjor 50 årsverk i dette konsernet.
Liv-Anette Valaker Røren eig 66 prosent av Valaker Bakeri og Konditori as, resten eig broren Rune Valaker. I tillegg eig dei Valaker Eiendom as 50/50.
Rundt 65 årsverk er tilsett i selskapa Valaker Bakeri og Konditori og Goman Valaker, som deler produksjonsanlegg, administrasjon og distribusjon. Goman bakar brød, Valaker bakar kaker - og begge er i vekst.
Liv-Anette Valaker Røren og Rune Valaker eig høvesvis 33 og 17 prosent av Goman Valaker. Resten av aksjane i Goman Valaker er eigd av Coop, og det er spesielt knekkebrødleveransar til Coop som har gitt selskapet eit oppsving.
Les også:
Les også:
I 2015 fekk selskapet ein avtale med Coop som sikra landsdekkande distribusjon av kaker frå Sunnmøre. I 2016 kom og ein landsdekkande distribusjonsavtale mot hotell- og restaurantmarknaden på plass.
Valaker Bakeri og Konditori fortsette dermed veksten i fjor. Omsetninga hamna på 52 millionar kroner og resultatet før skatt vart 5,2 millionar (sjå tabell). Det var i fjor 50 årsverk i dette konsernet.
Liv-Anette Valaker Røren eig 66 prosent av Valaker Bakeri og Konditori as, resten eig broren Rune Valaker. I tillegg eig dei Valaker Eiendom as 50/50.
Stor vekst også for Goman Valaker
Også Goman Valaker as har hatt stor vekst siste åra. Selskapet hadde ei omsetning i 2016 (siste tilgjengelige regnskap) på 77 millionar kroner. Det er nesten ei dobling på tre år. Resultat før skatt hamna på heile 10 millionar kroner og selskapet betalte ut 6,3 millionar kroner i utbytte etter 2016 og 6,4 millionar etter 2015.Rundt 65 årsverk er tilsett i selskapa Valaker Bakeri og Konditori og Goman Valaker, som deler produksjonsanlegg, administrasjon og distribusjon. Goman bakar brød, Valaker bakar kaker - og begge er i vekst.
Liv-Anette Valaker Røren og Rune Valaker eig høvesvis 33 og 17 prosent av Goman Valaker. Resten av aksjane i Goman Valaker er eigd av Coop, og det er spesielt knekkebrødleveransar til Coop som har gitt selskapet eit oppsving.
Les også:
Har utvida produksjonen
Brød- og kakebakarane i Søvika i Haram har også utvida bakeriet med 1500 kvadratmeter, ei utviding som vart ferdigstilt i fjor. Dette for å kunne levere meir og til heile landet. Investeringa utgjer omlag 13-15 millionar kroner og er gjort gjennom eigedomselskapet Valaker Eiendom as.Les også:
Publisert: 08.06.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22