Havila Jupiter 30
MATROS: Arbeid på dekket på Havila Jupiter. Foto: Havila Shipping
Nytt

Utdannar eigne matrosar

Mange offshoreselskap slit med å få tak i sjøfolk. Havila Shipping starta eigen «matros-skule».

03.11.2022

- Vi såg at ein måte vi kunne sikre oss nok dugande matrosar for framtida på, var å lære dei opp sjølve.

Det seier adm. dir. Njål Sævik i Havila Shipping i ei pressemelding.

Komande åra vil mange offshorereiarlag stå føre eit generasjonsskifte, der mange av veteranane går på land.

For å kome dette skiftet i møte, har Havila Shipping tatt inn ti lettmatrosar, som får opplæring om bord.

- Vi hadde mange titals-interesserte då ordninga kom i gang, og er glade for gode folk som no er i gang med opplæringa, seier Sævik.

Tommy Nilsen matrosopplæring
OPPLÆRING: Tommy Nilsen tek matrosopplæring. Foto: Havila Shipping

- Ingen dagar er like
To av dei er Tommy Nilsen frå Hammerfest og Kjetil Rekkedal frå Ørsta. Dei er på kvart sitt skift på ankerhandteraren Havila Jupiter.

Tommy Nilsen fortel han har jobba på sjøen heile sitt liv, men at denne sjansen til å få løyst ferdigheitssertifikat var freistande.

- Og det å vere matros er kjempefint. Ingen dagar er like og eg har mange flinke kollegaer som hjelper til og eg får samarbeide med. I tillegg er offshore ei spennande næring og eg ser føre meg å halde fram her.

Kjetil Rekkedal har vore motormann-lærling og er slett ikkje framand for offshore-livet.

- Men eg kom til at eg trivest best ute i frisk luft og på dekk. Eg liker fysisk arbeid og variert det varierte arbeidet som matros. Det er noko nytt kvar tur og det er skiftande ver og ulike årstider – og så får ein no sett litt av verda også.

Som lettmatros under opplæring til matros får ein løn og dei kursa ein treng. Dei som deltek i ordninga forpliktar seg til å segle med Havila Shipping under heile opplæringsperioden og dersom ein avbryt opplæringa, må ein betale for kursa ein har teke.

Må ha relevant erfaring
Havila Shipping opplyser at dei som er aktuelle for opplæring er personar med minst seks månaders relevant erfaring frå tidlegare arbeid på dekk, skule, sjømilitær teneste eller liknande.

Alt etter kva tidlegare erfaring ein har vil opplæringa til matros ta inntil 18 månader.

Dei første som er ferdige med Havilas «matros-skule» er klare som matrosar over nyttår. Då blir det også ledig plass for nye lettmatrosar på opplæring til å bli matros.

Publisert: 03.11.2022 12:14

Sist oppdatert: 03.11.2022 12:00

Mer om