Uteguiden veks
VEKS VIDARE: Oscar Almgren i Uteguiden har opplevd stor vekst dei siste åra, og får no Valldal Naturopplevingar med på laget. 
Nytt

Uteguiden veks

Valldal Naturopplevingar går inn i turguideselskapet.

Marius Rosbach
10.06.2020
Det Stranda-baserte selskapet Uteguiden får Valldal Naturopplevingar inn under sin paraply.
Det opplyser onsdag kveld.

Trur dei er sterkare saman

Det gjer at turguideselskapet i tillegg til å vere representert på Stranda, Hellesylt og Ålesund, no også vil vere til stades i Valldal.
– Vi får inn unik kompetanse frå Valldal Naturopplevingar som vil utvikle produkta våre endå meir. Dette blir ein stor gevinst for alle våre tidlegare gjestar, som no vil kunne nyte endå fleire aktivitetar i Møre og Romsdal, uttalar dagleg leiar Oscar Almgren i Uteguiden.
Erlend K. Ringstad er dagleg leiar og medeigar i Valldal Naturopplevingar som i fjor omsette for 2,2 millionar og fekk eit resultat før skatt på 277.000 kroner. Han er overtydd om at selskapa vil stå sterkare saman. Erlend Hjelme, som , blir også med Ringstad over til Uteguiden.

Har hatt kraftig vekst

Uteguiden som blei starta opp i 2012 har hatt voldsom vekst dei siste åra, og gjekk frå ein omsetnad på 4,9 millionar i 2017 til 8,4 millionar i 2018. Rekneskapen for 2019 er ikkje offentleg enno.
Oscar Almgren sitt guideselskap blei også av Innovasjon Norge i 2018, i konkurranse med mellom anna Loen Skylift.
Selskapet kan tilby ei komplett pakke med turaktivitetar både sommar og vinter, i tillegg til ulike kurs.

Les også:




Publisert: 10.06.2020 19:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58