Utflating foer ny vekst
SUKSESS: Ko&Ko-grunnleggar Stine Elisabeth Goksøyr (t.v.) og medarbeidar Kristin Smådal Hide i selskapet sine tidlegare lokale. I fjor stoppa veksten for bedrifta, i år går det oppover igjen.
Nytt

Utflating før ny vekst

Etter to år med kraftig vekst, flata det ut for Ko&Ko i fjor. Ny vekst i år.

26.07.2019
Ko&Ko-eigar og grunnleggar Stine Elisabeth Goksøyr anslår at Ko&Ko får rundt 20 millionar kroner i driftsinntekter i år. Det blir i så fall ein auke på cirka seks millionar kroner, samanlikna med i år.
Salet av Ko&Ko sine fargerike kjolar skaut fart i 2016. Herøyselskapet gjekk frå 5,2 millionar i driftsinntekter i 2015 til 14,2 millionar i 2017, med nettbutikk som viktigaste salskanal.
Kjolane blir designa i Herøy og produsert i utlandet, før dei blir distribuert ut til kundane via distribusjonssentralen i Herøy.

Utflatinga i fjor skuldast at selskapet sette ut marknadsføringa til andre, ifølgje Goksør. Det førte ikkje til auke i salet, berre høgare kostnadar. Selskapet tok attende marknadsføringsarbeidet på slutten av fjoråret, og skal halde fram med å gjere den jobben sjølv, seier Goksøyr.
Ko&Ko har flytta inn i eige bygg, og finanskostnadane i samband med bygget vil prege resultatet i år. Det vil også omlegginga til ein ny nettbutikk , som skal vere klar i løpet av året.

Publisert: 26.07.2019 17:03

Sist oppdatert: 18.05.2021 05:47

Mer om