Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk måndag samrøystes inn for å krevje at eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge blir lagt til Ålesund.
Kristin Sørheim (Sp) meinte administrasjonen var litt «smålåtne» når dei i sitt til uttale skreiv at det burde etablerast «eit kontor» for den nye eininga. Ho la difor fram forslaget som fekk einstemmig tilslutning – om at det er hovudkontoret som skal flyttast til Ålesund.
Sve viste til at Arbeidarpartiet, Frp, Senterpartiet og SV har overstyrt regeringa i fleire saker.
– Det er viktig at dei fire partia sørger for at det blir fleirtal for dette i Stortinget. Det kan vi påverke i eigne partigrupper, meinte han - og sa han hadde lita tru på at regjeringa ville snu i saka.
Frp har fremma eit i Stortinget der dei ber om at hovudkontoret blir lagt til Ålesund, og eit lokalkontor til Bergen. Mellom dei som står bak er stortingspolitikarane Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug frå Sunnmøre.
Førebels har ingen andre parti flagga si støtte til dette konkrete forslaget, men Senterpartiet har klarast teke til orde for ei desentralisering. Det er ikkje klart når saka kjem til votering i Stortinget.
Kristin Sørheim (Sp) meinte administrasjonen var litt «smålåtne» når dei i sitt til uttale skreiv at det burde etablerast «eit kontor» for den nye eininga. Ho la difor fram forslaget som fekk einstemmig tilslutning – om at det er hovudkontoret som skal flyttast til Ålesund.
Trur opposisjonen må sikre fleirtal
Frank Sve (Frp) ville gjerne ha med eit tillegg om at partia måtte legge press på sine stortingsgrupper, for å få gjennomslag i saka. Det fekk han ikkje fleirtal for, og fleire meinte det uansett var ein naturleg konsekvens av vedtaket.Sve viste til at Arbeidarpartiet, Frp, Senterpartiet og SV har overstyrt regeringa i fleire saker.
– Det er viktig at dei fire partia sørger for at det blir fleirtal for dette i Stortinget. Det kan vi påverke i eigne partigrupper, meinte han - og sa han hadde lita tru på at regjeringa ville snu i saka.
Frp-forslag i Stortinget
Næringsminister Iselin Nybø har gitt uttrykk for at det ikkje er rett tidspunkt å ta stilling til eit nytt lokalkontor – eller flytting av alle dei nær 150 arbeidsplassane som i dag ligg i Oslo.Frp har fremma eit i Stortinget der dei ber om at hovudkontoret blir lagt til Ålesund, og eit lokalkontor til Bergen. Mellom dei som står bak er stortingspolitikarane Jon Georg Dale og Sylvi Listhaug frå Sunnmøre.
Førebels har ingen andre parti flagga si støtte til dette konkrete forslaget, men Senterpartiet har klarast teke til orde for ei desentralisering. Det er ikkje klart når saka kjem til votering i Stortinget.
Les også:
Publisert: 25.01.2021 17:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13