Utfordrar broennbaatbransjen
43 METER: MS "Taupo" blir 43 meter lang og skal bløgge fisk ved oppdrettsanlegget og frakte den fram til slakteriet. 
Nytt

Utfordrar brønnbåtbransjen

Mindre, kjappare og billegare bløggefarty vil overta mykje av tradisjonelle fraktoppdrag frå brønnbåtane.

21.01.2019
Dagleg leiar Kjetil Tufteland i reiarlaget Napier på Bømlo har eitt bløggefarty i arbeid og to under bygging. Dei hentar fisken ved oppdrettanlegga, bløggar den ombord og fraktar den kjølt fram til slakteriet som gjer resten av jobben.
Den fraktjobben blir i dag i stor grad gjort av tradisjonelle brønnbåtar, som fraktar oppdrettsfisken levande fram til slakteriet. Det er ein måte å gjere det på som er på vikande front, etter Tufteland si vurdering.
Grunnen er at bløggebåtane, eller prosessbåtane, som Napier kallar dei, både er billegare å bygge og drive. Grunnen er først og fremst at dei ikkje treng å frakte mykje vatn i tankane, slik brønnbåtane gjer.

Stor interesse

Tufteland presenterte Napier på seminaret "Digital Harvesting" i Ålesund i dag.
Reiarlaget har ingen umiddelbare planar om fleire nybygg, men arbeider saman med skipsverftet Fitjar Mek. Verksted om å vidareutvikle og selje konseptet.
- Den er veldig stor, sier Tufteland om interessa frå andre aktørar om å bygge bløggebåtar.

Remøy har planar

Even T. Remøy i Remøy Management og Volt Service sa i mai at Volt Service planlegg bygging av tre bløggebåtar. Båtane er førebels ikkje bestilt, men Volt Service arbeider med å få dei bygd.

Andre oppdrag

Tufteland trur ikkje bløggebåtane betyr slutten for brønnbåtane.
For det første er dei mest attraktive der oppdrettsnæringa har størst problem med sjukdomssmitte, som betyr at interessa pr. i dag er størst i sør og ikkje så stor i nord.
For det andre er det berre fraktoppdraga frå anlegg til slakteri bløggebåtane vil ta, medan mellom anna avlusingsoppdrag - som krev mykje brønnbåtkapasitet - framleis vil vere for brønnbåtane.

Publisert: 21.01.2019 12:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27