Utvidar for 12 millionar
INVESTERER: Terje Berge i Galvano på Stranda meiner trenden med heimflytting av produksjon held fram. Fleksibilitet, kvalitet og kort leveringstid slår positivt ut i konkurransen med utlandet.
Nytt

Utvidar for 12 millionar

Terje Berge i Galvano investerer 12 millionar kroner i lakkanlegg og større bygg.

16.03.2018
I 2011 bygde Stranda-selskapet nytt krom- og forniklingsanlegg for ni millionar kroner.
No er Galvano i gang med å bygge på 500 kvadratmeter for å få plass til eit nytt lakkeringsanlegg. Investeringa på cirka 12 millionar kroner må til for å kunne vekse vidare, seier Terje Berge, dagleg leiar og største aksjonær. Selskapet har fått ein million i støtte frå Innovasjon Norge til utbygginga.
- Vi klarer ikkje å vekse utan at vi får meir kapasitet i lakkering, seier han.

Aukar staben

Berge budsjetterer med at driftsinntekter og lønsemd i 2018 blir omlag som i 2017 (sjå tabell for 2017 og 2016-resultat).
Samstundes seier han at selskapet merkar positive effektar av at selskapet tilsette sin første seljar, i fjor sommar. Verknaden av den auka salsinnsatsen kom gradvis utover hausten og vil vises att i reknskapen i år.
Galvano har nettopp auka arbeidsstokken med ein person i produksjonen og Berge rekna med at det kan bli ytterlegare ein til to nye stillingar med lakkeringsanlegget på plass, slik at arbeidstokken kjem opp i 18 i løpet av 2018.

Heimflytting

75-80 prosent av driftsinntektene til Galvano kjem frå leveransar til møbelindustrien - med Fora Form, Ekornes, Harald Krogsæter (skulemøblar) og Nordic Comfort (skule og kontor/møteromsmøblar) - på kundelista.
Galvano skal og levere metalldelane til Vad sin kvilestol Contura.

Dei siste åra har Berge sett ein tendens til at kundane gradvis baserer seg meir på norske underleverandørar og den tendensen meine han berre forsterkar seg. Fleksibilitet, kort leveringstid og kvalitet gir mellom andre Galvano ein fordel samanlikna med produksjon i utlandet.

Vi klarer ikkje å vekse utan at vi får meir kapasitet i lakkering

Publisert: 16.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19