Utviklar ny boeye haapar paa start neste aar
OFFISIELL OPNING: Arthur Peterson Kiefer (t.h.) klipper snora som markerer opninga av bølgjekraftverket ved Runde saman med H.M. Kong Harald. Til venstre, styreleiar Jonas Kamf i Waves4Power.
Nytt

Utviklar ny bøye, håpar på start neste år

Waves4Power vil utvikle og teste ein ny versjon av bølgjekraftbøya før den blir sett i produksjon. Håpar på produksjonsstart neste år.

30.09.2020
Erfaringa frå den første bøya ved Runde, som sto ute sist vinter og har produsert straum sidan i sommar, gjer at Waves4Power utviklar ein ny versjon.
I staden for ein rein stålkonstruksjon som i dag, blir den nye bøya laga i ein kombinasjon av stål og plastmateriale.
Det skal gi ei meir solid bøye som samstundes krev mindre vedlikehald, og er billigare å produsere.

Utplassert til våren

Administrerande direktør Ulf Lindelöf seier han håpar plastkomponenten i bøya kan utplasseerast i andre kvartal neste år. Den blir fullstappa med sensorar for å hauste erfaringar med konstruksjonen før den blir hente til land og stålkomponentane sett i.
Waves4Power måtte reduserer lengda på bøya som no står i sjøen og det er bakgrunnen for at den neste versjonen blir kraftigare.

Ventar med leige

Stryn-selskapet Stryvo Group, som skal montere bøyene, har fått utsett husleiga for verkstadhallen på Fiskå inntil produksjonen kjem i gang.
Det er Vanylven kommune som eig hallen, og Jostein Bøe i Stryvo takka Vanylven for handsrekninga då han presenteret Stryvo Group si rolle i Waves4Power-prosjektet.
I sommar venta Bøe at monteringa av nye bøyer kunne kom i gang i haust, men no er starten utsett. Bøe håpar å kome i gang neste sommar.

Kongeleg opning

H.M. Kong Harald opna i dag bølgjekraftverket som er testa ut og sett i produksjon ved Runde, saman med Arthur Peterson Kiefer, elev ved Ulstein Barneskule.
Petersom Kiefer fekk den ærerike oppgåva framfor ei stor folkemengde på Vågsplassen i Fosnavågh, etter å ha vunne teiknekonkurransen om framtidas bølgjekraftverk.

Publisert: 30.09.2020 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:14