Utviklar reketeine 2 0
TEST: Rekefiskar utanfor Senja testar ein prototype av neste generasjon reketeine. Om eit års tid skal den nye teina vere klar.
Nytt

Utviklar reketeine 2.0

Nettbutikken og lageret til fiskevegnprodusenten Frøystad er tomt for reketeiner. No skal det utviklast ei teine som også kan brukast ute i havet.

24.03.2020

Teine i staden for trål opnar rekefisket for nye grupper fiskarar fordi investeringane som skal til er små samanlikna med trålutstyr.

Den første versjonen av teina er utvikla i samarbeid mellom Møreforsking og fiskevegnprodusenten Frøystad i Herøy.

- Spesielt i fjordane har dei fangsta veldig godt og fungerer veldig bra, seier salssjef Hallgeir Frøystadvåg i Frøystad.

Frøystad og Møreforsking arbeider saman også om utvikling av neste generasjon reketeine.

Den skal kunne brukast både ute i havet og i fjordar med sterk straum og med lite skjerming mot dårleg vêr. Lukkast Møreforsking og Frøystad med arbeidet, som også Innovasjon og FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering) er med på å finansiere, kan det opne rekefisket for enda fleire, også havgåande farty.

Fiskar i Finnmark
Eit kommersielt teinefiske etter reker foregår i dag i fjordar i Finnmark, der mottakskapasiteten er den den viktigaste flaskehalsen for vekst i følgje forskar Wenche Emblem Larssen i Møreforsking.

Møreforsking står også i spissen for eit prosjekt som skal kartlegge rekefelt langs heile kysten.

Les også: Skal kartlegge rekefelt for teinefiske

Tyngre teiner
Reketeinene som blant anna er i bruk i Finnmark er laga slik at kongekrabben ikkje krabba opp på teina, forsynte seg av agnet og sperra inngangen.

Neste generasjon må tole sterkare straum og tøffare vêr. Det kan bety ein tyngre og kraftigare versjon.


Publisert: 24.03.2020 06:00

Sist oppdatert: 27.07.2021 13:35