EDGE N Avigation and Ulstein Design Solutions cooperating on an X BOW container ship design
MINDRE MOTSTAND: X-Bow-designet skal gjere at containerskipet glir lettare gjennom vatnet, slik at det blir enklare og erstatte fossilt drivstoff med energi basert på fornybar energi. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions.
Nytt

Utviklingskontrakt for containerskip

Ulstein Design & Solutions skal samarbeide med Edge Navigation for å utvikle eit utsleppsfritt containerskip basert på Ulstein sitt X-Bow-design.

22.06.2021

- Dette oppdraget er eit ideelt prosjekt for Ulstein, seier kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions i ei pressemelding.

Edge Navigation er eit Oslo-basert ingeniør og konsulentselskap som arbeide for å utvikle skip som kan bruke drivstoff basert på fornybar energi.

- Energieffektivitet vil vere nødvendig for å lykkast med energiomstilling, og i Ulstein har vi ein partnar med ei omfattande referanseliste på innovative design, fleire av desse med den dokumenterte X-BOW®-løysinga. X-BOW vil redusere kraftbehovet per container i eit breitt spekter av operasjonar, noko som vil senke terskelen for å skifte til framdrift basert på grøn energi, seier administrerande direktør Jakob Tolstrup-Møller i Edge Navigation i pressemeldinga.

Tolstrup-Møller og Skoge hadde sine første samtalar om containerskip med X-BOW for over 10 år sidan.


Publisert: 22.06.2021 09:19

Sist oppdatert: 22.06.2021 19:34