Utviklingskontrakt for nullutslepp
NULL UTSLEPP: Då Nordland Fylkeskommune bestilte nye båtar frå Brødrene Aa i 2017 for å blant anna erstatte Steigtind (biletet) var det fossilt drivstoff som skulle vere drivstoffet. Når Vestland no skal legge ut hurtigbåtruten i og til Sogn og Fjordane er skal det stå fleste nullutsleppsbåtar på handlelista. Dei åtte båtane skal vere i bruk seinast i 2024. Drivstoffalternativa for dei er batteri eller hydrogen.
Nytt

Utviklingskontrakt for nullutslepp

Vestland fylke vil bygge fire hurtigbåtar på utviklingskontrakt, og fylkesutvalet vil ha raskare innføring av nullutsleppsbåtar enn administrasjonen.

24.09.2020
Eit fleirtal i fylkesutvalet i Vestland fylke bestemte i ettermiddag at det ikkje vil vente lenger enn til 2024 for storparten av hurtigbåtsambanda frå Bergen og nordover er blitt utsleppsfrie.
Risiko for at teknologi og infrastruktur ikkje skulle vere på plass tidsnok gjorde at adminstrasjonen i fylket tilrådde at fristen skulle utsetjast til 2026, men fleirtalet på 13 frå Sp, A, H, Krf, MDG, SV og V ville ha båtane på plass seinast i 2024. Mindretalet på fire, frå Frp og FNB, stemte for administrasjonen sitt framlegg,

Utviklingskontrakt

Vestland fylke skal lyse ut hurtigbåtstrekningane på anbod i tre pakkar, ein pakke på fire nullutsleppsbåtar, ein pakke på fire nullutsleppsbåtar og to mindre båtar som kan gå på fossilt drivstoff og ein tredje pakke med mindre farty som alle kan gå på fossilt drivstoff.
Den første pakken skal lysast ut gjennomføre ein alternativ anskaffingsprosess, til dømes ein utviklingskontrakt, har Fylkesutvalet bestemt.
Ein utviklingskontrakt betyr at reiarlag og fylket deler på kostnaden med å utvikle hurtigbåten.

Trur staten skal betale

Fylkesutvalet ber administrasjonen om å innrette anboda på ein slik måte at fylkeskommunen er i posisjon til å motta støtte frå ordningar Klimasats, NOx-fondet og Enova, og eventuelt med ein opsjon i tråd med punkt 12 i Sogn og Fjordane sitt vedtak om å synleggjere skilnad i kostnad på nullutslepp og konvensjonell teknologi, heiter det på fylkeskommunen si nettside.
Fylkesutvalet legg og til grunn at meirkostnadar som Vestland fylke vil få for å gå føre med gjennomføring av Stortingsvedtaka, vil bli kompensert med auka midlar i inntektsramma til fylka.

Les meir:



Publisert: 24.09.2020 08:43

Sist oppdatert: 07.04.2021 16:59