Uvisse foer cruise sesongen
LANDLIGGE: Hurtigruteskip ved kai i Ålesund. I sommar planlegg Hurtigruten å bruke tidlegare kystrute-skip på cruise langs norskekysten.
Nytt

Uvisse før cruise-sesongen

Det blir ny cruise-rekord i Ålesund neste år - om alle som har bestilt plass kjem. Men det er det tvil om i bransjen.

Administrator
10.10.2020
NETT NO/NPK: I 2019 kom 177 cruiseskip til Ålesund. Per i dag har 278 skip meldt sin ankomst.
Også Nordfjord Hamn - med først og fremst Olden som cruisehamn - har fått auke i skip som har bedt om plass, samanlikna med 2019, siste sesong før koronaepidemien). Då kom det 102 skip. Per i dag har 117 meldt sin ankomst, men det var oppe i 130 for litt tilbake.
Til cruisekaia på Nordfjordeid har 48 skip meldt sin ankomst, også det en nedgang etter avbestillingar.

Nedgang i Geirangerfjorden

, som tek seg av cruiseskipa til Geiranger og Hellesylt, skriv på nettsidene sine at det har kome inn søknad om totalt 193 cruiseanløp i 2021-sesongen. Av desse er 189 i Geiranger og 134 i Hellesylt. Stranda hamnevesen sine vurderingar er ein reduksjon i talet på anløp i verdsarvfjorden på Sunnmøre på inntil 70 prosent eller meir. Ein trur reiserestriksjonar og smittevernsituasjonen i verda, i tillegg til reisevanar og lokale avgrensingar kan ha stor påverknad på eventuelle avbestillingar av cruiseanløpa.

Første skip i januar

Dei første signala om kor mange av skipa som har tinga plass som faktisk kjem kan kome om krot tid.
Allereie tidleg i januar skal det første skipet kome i følgje hamnedirektør Ole Christian Fiskaa i Ålesundregionens Havenevesen.
Men det er vanleg at ikkje alle som har tinga plass kjem også i eit vanleg år. I år skaper koronaepidemien stor uvisse om kor mange verkeleg kjem.

Uvisse gjennom sesongen

Det er vanskeleg å spå korleis cruisetrafikken blir i norske fjordar i 2021. Men bestillingane har allereie kome frå utanlandske cruisereiarlag, sjølv om det er færre enn tidlegare sesongar. Hamnene reknar med det kan bli endringar alt etter korleis koronasituasjonen utviklar seg.
Inst i Sognefjorden har dei ikkje tru på at neste år vil gå etter planen. Førebels har Aurland hamn fått bestillingar på 142 cruiseanløp i Flåm i 2021-sesongen. Det kan utgjere om lag 300.000 passasjerar viss skipa er fulle.

Forventar kanselleringar, men håp i Tyskland

– 2021 vil nok ikkje vere eit normalår. Slik det er førespegla no vil skipa ha lov til å gå med mellom 50 og 70 prosent kapasitet for å overhalde smitteverns-rutinar. Dette gjer då at vi ut frå gjeldande liste kunne forvente om lag 160.000-200 000 passasjerar. I sesongen 2019 hadde vi 277.545 cruisegjester i Flåm, fortel driftsleiar i Aurland hamn Jon Olav Stedje i ein e-post til Nynorsk pressekontor.
Han tvilar derimot sterkt på om alle seglingane blir noko av det kommande året.

40 prosent kansellering

– Eg ser for meg at vi endar opp på å få om lag 40 prosent av desse anløpa kansellerte, men det vil også komme nye anløp til. Dette fordi spesielt dei tyske reiarlaga no har mykje av flåten liggande stille i Europa, og ein må ta høgde for at dei må lage nye seglingsplanar for desse. Då vil Noreg være eit attraktivt mål grunna smittesituasjonen vår og handtering av cruiseanløp. I Noreg er det som regel få aktørar som er involverte i gjennomføringa, og det er derfor enklare å organisere eit «smittefritt» anløp som er godt planlagt og dokumentert. Dialogen er også god mellom styresmakter lokalt/nasjonalt, destinasjonane, hamner og reiarlag, fortel Stedje vidare.
1. januar i år vart det også innført særskilde forskrifter for verdsarvfjordane som også kan spele inn for kor mange cruiseskip som faktisk kjem til Noreg.
– For nokre av fartøya som er planlagt til Flåm vil den økonomiske situasjonen medføre at naudsynte oppgraderingar for å imøtekoma desse krava ikkje blir gjennomført, skriv Jon Olav Stedje i Aurland hamn.


Publisert: 10.10.2020 06:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:45