Uvisst naar Kystruten kjem i trafikk
PÅ SJØEN: Dei to første av Havila Kystruten sine fire skip som skal trafikkere Bergen-Kirkenes, er sjøsette i Tyrkia.
Nytt

Uvisst når Kystruten kjem i trafikk

Havila Kystruten sjøsette dei to første skipa i helga. 

06.09.2020
Koronaepidemien gjer at det er usikkert om Havila Kystruten startar å segle mellom Bergen og Kirkenes frå årsskiftet. Samtidig vart dei to første av Havila Kystruten sine fire skip sjøsette frå Tersan Shipyard i Tyrkia søndag.
Dei skal leverast i første kvartal neste år. Reiarlaget har også fått godkjent to skip som skal leigast inn for å kunne settast i trafikk frå 1. januar neste år, slik Havila Kystruten har forplikta seg til etter å ha vunne retten til å segle strekninga Bergen - Kirkenes med fire skip.

Men koronaepidemien har fått Hurtigruten, som inntil årsskiftet er åleine om å trafikkere strekninga, til å redusere tilbodet. No er det usikkert om Havila Kystruten skal starte å seglingane sine som planlagt.
"I påvente av dei nye skipa har Havila Kystruten fått godkjent to erstatningsfartøy, men etterspørselssituasjonen på kystruta mellom Bergen og Kirkenes for tida er svært usikker, og behovet for kapasitet ved oppstart av ny kontrakt 1. januar 2021 er under evaluering.", heiter det i pressemeldinga Havila Kystruten har sendt ut i samband med sjøsettinga.
Kystruten skal segle med fire skip på strekninga Bergen-Kirkenes frå årskiftet, men er på etterskot med leveringa av dei nye skipa. Planen var å ha fire skip klare frå årsskiftet.

No melder selskapet at dei to første, Havila Castor og Havila Capella, er sjøsette hos Tersan Shipyard i Tyrkia. Dei er venta å bli levert i 1. kvartal neste år. Dei to neste er planlagt levert i slutten av 2021.

Publisert: 06.09.2020 22:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02