Vaks meir enn venta
Stine Elisabeth Goksøy og Kristin Smådal i Ko&Ko sine tidlegare lokale. No har selskapet flytta inn i eige og større bygg i Herøy.
Nytt

Vaks meir enn venta

Ny rekord for Ko&Ko.

24.07.2018
Klesdesignar Stine Elisabeth Goksøyr budsjetterte med 12 millionar kroner i driftsinntekter i år. Fasiten blei over 14 millionar og ny rekord i lønsemda.
Goksøyr sine fargerike kjolar sikra Ko&Ko inntekter på i overkant fem millionar kroner årleg i fleire år på rad. Men i 2016 auka driftsinntektene til 8,4 millionar kroner, og i fjor til 14,2 millionar kroner. 2016 og 2017 er også dei to mest lønsame selskapet har hatt (sjå tabell).

Luka ut

- Vi har brukt mykje tid på å plukke vekk det som ikkje fungerer, sa Goksøyr i fjor.

Kombinert med ein rask lanseringstakt av nye modeller, kort leveringstid og marknadsføring og sal på internett gjer det at selskapet er blitt nesten tre gangar større på to år.
Plagga blir designa i Herøy og sydd på fabrikkar i Baltikum og Polen.

Nytt bygg

Ko&Ko flytta tidlegare i år inn i nytt og større bygg i Herøy, eit bygg selskap har bygd og eig sjølv.
I tillegg til å huse kontor er det lagarbygg og disribusjonssentral for netthandelen, som står for rundt 80 prosent av driftsinntektene til selskapet.

Publisert: 24.07.2018 11:55

Sist oppdatert: 18.05.2021 05:46

Mer om