Valde Marin Teknikk for prestisjeskip
HYBRID: Det nye dykker- og konstrukjonsskipet til Ultra Deep Solutions er designa av Marin Teknikk og får om bord stor batteripakke.
Nytt

Valde Marin Teknikk for prestisjeskip

Ultra Deep Solutions byggjer nytt hybrid dykker- og konstruksjonsskip med design frå Herøy.

05.09.2018
Dagleg leiar Svein Rune Gjerde ved Herøy-selskapet Marine Teknikk seier at dette ikkje er noko han kan kommentere.
- Det er nok eit MT-design, men utover det har vi på noverande tidspunkt ingen tilleggskommentar.
Men Ultra Deep Solutions har letta litt på sløret.

Batteripakke

På Linkedin presenterer selskapet teikningar av skipet, og opplyser at det 125 meter lange og 25 meter breie skipet vil vere eit hybridskip.
Om bord vil det vere batteripakkar med effekt på 3 megawatt.
- Vår filosofi for selskapet er å vere leiande innanfor teknologi, skriv direktør Shel Hutton på Linkedin og viser til at selskapet dei siste tre åra har hatt fokus på batteri- og hydrogenløysingar.

Ferdig i 2021

Hutton viser til at marknaden er endra ved at oljeselskapa no ser etter meir effektive fartøy.
Han opplyser at ein forventar at nybygget vil bruke 4-5 tonn mindre drivstoff dagleg når skipet ligg i dynamisk posisjon.
Ultra Deep Solutions planlegg å offentleggjere byggjekontrakten i midten av september, og der skipet skal vere klart for levering i 2021.

Wassily Kandinsky

Skipet vil få namnet Wassily Kandinsky og vil vere dykker- og konstruksjonsskip nummer seks frå det Singapore-baserte selskapet som vart starta i 2014 av Sheldon Hutton.
Marin Teknikk har tidlegare hatt oppdrag for Ultra Deep Solutions. I desember 2014 inngjekk selskapet kontrakt på design og engineering av eit 142,9 meter langt og 27 meter breidt dykker- og konstruksjonsskip til selskapet.

Publisert: 05.09.2018 11:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25