Jonas Gahr Støre på V Ard Langsten foto Ogne
NY STATSMINISTER: Jonas Gahr Støre ligg an til å bli ny statsminister. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Solid fleirtal for regjeringsskifte

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV får fleirtal på Stortinget om Valgdirektoratet si valprognose slår til. Klarer seg utan MDG og Rødt.

13.09.2021

Dei tre partia får tilsaman 89 mandat på Stortinget om valutfallet blir som valprognosen fra Valgdirektoratat ved midnatt tyder på.

Prognosen byggjer på 96,5 prosent av stemmen som er førebels telde.

85 mandat må til for å få fleirtal.

– Sånn som resultatet ser ut no, er det ønsket til veljarane at eit anna politisk fleirtal skal styre Noreg, sa statsminister Erna Solberg i talen på Høgre si valvake like før midnatt.

– Alt tyder på at vi når målet om eit skifte i kveld, og vi får eit solid fleirtal. Slik det ser ut no får vi fleirtal for vår plan A om ei regjering beståande av Ap, Sp og SV, sa Støre i sin tale på Arbeidarpartiet sin valvake like etter.

Krf under sperregrensa
Dei tre regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti får tilsaman 47 mandat. (Høgre taper 9 og får 36 mandat, Venstre får åtte mandat - som ved førre Stortingsval - og Krf kjem under sperregrensa og går attende frå åtte til tre mandat)

Framstegspartiet får 21 mandat, seks færre enn for fire år sidan.

Les fleire valresultat på Valdirektoratet si opptellings-nettside

Gjennom valopptellinga veksla Krf, Venstre og MDG om å ligge over og under sperregrensa på fire prosent av alle røystene på landsbasisk. Parti som kjem over sperregrensa får såkalla utjamningsmandat. Klokka 00:22 var Venstre på 4,4 prosent, MDG og Krf på 3,8 prosent.

Frp størst i Møre og Romsdal
Klokka 00:02 er valprognosen at Frp får 22,3 prosent av stemmene i Møre og Romsdal og blir største parti i fylket. Både Frp, Ap og Sp får to mandat kvar frå Møre og Romsdal. For Sp er det eitt mandat meir enn for fire år sidan, medan både Frp og Ap får like mange mandat som ved førre Stortingsval.

Høgre og SV får eitt mandat kvar frå Møre og Romsdal. For Høgre er det to færre mandat enn i dag, medan SV tek mandatet Krf ligg an til å tape. Mørebenken vil sjå slik ut: Per Vidar Kjølmoen (Ap), Åse Kristin Ask Bakke (Ap), Jenny Klinge (Sp), Geir Inge Lien (Sp), Birgit Oline Kjerstad (SV), Helge Orten (H), Sylvi Listhaug (FrP) og Frank Sve (FrP)

I Sogn og Fjordane blir Sp størst, med 28,7 prosent av stemmene. Sp (Erling Sande), Arbeiderpartiet (Torbjørn Vereide), Venstre (Alfred Bjørlo) og Høgre (Olve Grotle) ligg an til å få eitt mandat kvar. Krf mister eitt mandat, til Venstre.

I Hordaland ligg Høgre an til å bli størst, med 24,6 prosent av stemmene. Ap og H lig an til fire mandat kvar, Frp og Sp to kvar. Krf, V, Rødt og SV ligg an til kvar sitt mandat.

Publisert: 13.09.2021 21:13

Sist oppdatert: 14.09.2021 07:50