Valldal s
VALLDAL: Stort utval av saft og syltetøy i Valldal Safteri, med lokale råvarer. Foto: Valldal Safteri
Nytt

Valldal Safteri i pluss

Auka salet av saft og syltetøy.

24.05.2022

Frå butikken i sentrum av Valldal, sel Valldal Safteri ei rekke typar saft og syltetøy.

I fjor enda omsetninga på 1,6 millionar kroner, vel 200.000 kroner meir enn året før, då ein fekk eit fall under pandemien.

Resultatet før skatt vart også positivt.

Valldal Safteri
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 1,6 1,4
Driftsresultat 0,1 0,08
Resultat før skatt 0,1 0,08

Lokale råvarer
Selskapet er eigd av Carolus de Vrieze og Antonetta Vrieze Elshout, men har tradisjonar heilt tilbake til 1919.

Frukta og bæra kjem frå bønder og hageeigarar i Valldal.

Selskapet opplyser på si heimeside at ein del frukt og bær blir pressa til frisk saft, som anten kan drikkast som ho er, eller sukrast og kokast. Oppskriftene er tradisjonsrike og velprøvde, så smaken av heimelaga syltetøy er sikra.

Nye produkt
Samtidig blir det opplyst at ein heile tida arbeider med å utvikle nye produkt med spennande smakar og mindre sukker.

Det blir laga saft av både blåbær, bringebær, kirsebær, solbær, rips, plomme og eple.

Og det blir laga mange typar syltetøy, ikkje minst av jordbær, som Valldal er stor produsent av.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 0,3 millionar kroner, og null i langsiktig gjeld.

Publisert: 24.05.2022 10:21

Sist oppdatert: 25.05.2022 11:41

Mer om