Valutakursen skjermar sjoematnaeringa
SKJERMA: Inntil vidare er inntektene til fiskeflåten skjerma mot skadeverknadane av koronaepidemien, i følgje Nordea-analytikar.
Nytt

Valutakursen skjermar sjømatnæringa

På kort sikt er valutakursutvikling ei vaksine mot at sjømatnæringa blir ramma av ringverknadane av koronaepidemien, men det er uvisst om vaksinen varer lenge, meiner sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.

19.03.2020
I eit innlegg i NETT NO skriv Egeness at første del av koronakrisa "har gitt en dramatisk kronesvekkelse. Det gir i utgangspunktet et sterkt vern for norsk fiskerinæring."

Kort sagt får fiskeeksportørane no meir betalt for fisken, i norske kroner. Det skjermar mot eit prisfall ute.
Førebels er ringverknadane av koronaepidemien små og transporten ut i marknaden har halde seg oppe.
- Kjøpekrafta til forbrukarane er ikkje vesentleg svekka, seier Egeness til NETT NO.

Restaurantnedtur

Så langt er det først og fremst berre selgarane av fisk- og fiskeprodukt som er retta spesielt mot restaurantmarknaden som har merka at kundane sviktar.
På kort sikt er det evna til å få fisken ut i marknaden og foredlingskapasitet som blir viktigast for sjømatnæringa, men blir restriksjonane mot og ringverknadane av tiltaka mot epidemien trur Egeness at det kan slå ut i marknaden generelt:
"Et sentralt spørsmål er når den humanitære og finansielle krisen vil redusere kjøpekraften til forbruker og påvirker etterspørselen etter varer og tjenester negativt," skriv han i innlegget.

Sju milliardar

I fjor haust anslo Egeness at dei samlede fangstinntektene frå torskefiskeria vil blir rundt sju milliardar kroner i år.
Det er på line med inntektene i perioden 2017-2019 og langt over det historiske snittet. Fordi torsken er den økonomisk viktigaste arten for norske farty vil det sikre høge fangstinntekter også i 2020, etter Egeness si vurdering.

Publisert: 19.03.2020 13:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54