Vann fram med skattesak
EVOTEC-LEIINGA: Håvard Haanes (t.v.) og Jogeir Romestrand er høvesvis styreleiar og dagleg leiar i Evotec.
Nytt

Vann fram med skattesak

Evotec fekk viljen si i ein krangel med skattestyresmaktene etter søksmål frå dåverande Rolls-Royce Marine.

Marius Rosbach
03.09.2020
Evotec har nyleg fått medhald i skatteklagenemnda om kor vidt dei kunne trekke frå utgiftene til ei tidlegare erstatningssak på 95 millionar kroner.
– Vi er nøgd med at Evotec fekk medhald og at saka no er avslutta, seier styreleiar Håvard Haanes i Evotec til NETT NO.
Ulsteinvik-selskapet er dermed kvitt ein usikkerheit som har vore i rekneskapa heilt sidan selskapet blei kjøpt av Kongsberg Gruppen. Om utfallet hadde gått andre vegen kunne dei risikert ei skatterekning på fleire millionar.

Måtte betale 95 millionar

Krangelen botnar i ein rettssak tilbake i 2015. Dåverande Kongsberg Evotec i erstatning for å ha basert sine eigne seismikkprodukt på arbeid som var utført av Rolls-Royce Marine.
Sjølve søksmålet har vore avgjort i ei årrekke, men punktum for skattesaka er først sett no.
I dag er Evotec innunder paraplyen til Entec Group, fordi Kongsberg Maritime måtte selje selskapet etter sitt kjøpt av Rolls-Royce Maritime.

Først og fremst ei Kongsberg-sak

Haanes påpeiker at dette i første rekke har vore ei sak ført av dei tidlegare eigarane i Kongsberg Gruppen, og at dei har følt seg trygge på at dei ville vinne fram.
NETT NO omtala tidlegare i veka 2019-resultata til Evotec som viste
I årsrapporten blir skattesaka omtala, og det blir påpeika at rekneskapen er utarbeida med utgangspunkt i at dei fekk medhald.
– No vil det difor ikkje få nokre betydelege konsekvensar, seier Haanes.

Les også:




Vi er nøgd med at Evotec fekk medhald og at saka no er avslutta

Publisert: 03.09.2020 17:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02