Vann kampen om Inger Hildur
RINGNOT: Inger Hildur kjem tilbake til Herøy.
Nytt

Vann kampen om Inger Hildur

Herøyreiarlaget Ervik & Sævik har etter det NETT NO grunn til å tru vunne kampen om Molde-snurparen Inger Hildur.

Administrator
04.12.2015
Dagleg leiar Rita Sævik kan ikkje stadfeste kjøpet av ringnotsnurparen som ei tid har vore ute for sal.
Sævik ønskjer ikkje å seie noko som helst om saka på noverande tidspunkt.
- Ingen kommentar, er det einaste svaret Sævik hadde å gi då NETT NO møtte henne på årsmøtet i Fiskebåt Vest i dag.
Ingen frå det seljande reiarlaget har så langt vore tilgjengeleg for kommentar, men etter det NETT NO kjenner til hadde Rita Sævik det høgste bodet i ei bodrunde som fleire enkeltreiarlag og grupperingar var med på.

Tilbake til Herøy

Det er gamle Leinebjørn som med dette kjøpet truleg er på veg tilbake til Herøy. Den 64 meter lange ringnotsnurparen blei kjøpt av Molde-reiarlaget i samband med at Leinebjørn-reiarlaget fekk ny båt i 2012.
Inger Hildur har konsesjon på lodde, sild og makrell, samt forskning for Havforskningsinstituttet.
Båten har vore ute for sal med alle konsesjonar og fiskerettar.
Herøyreiarlaget eig frå før den vel 80 meter lange og avansert utstyrte kombinasjonsbåten Christina E.

Publisert: 04.12.2015 14:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:50