Var saa noegd med dette skipet at dei bestilte eit nytt
SYSTERSKIP: Coral Adventurer vart levert fra Vard sitt Vietnam-verft i april. Skipet er designa i Ålesund og har australsk stil om bord. 
Nytt

Var så nøgd med dette skipet at dei bestilte eit nytt

Vard kapra ny cruisekontrakt med australsk kunde som nyleg fekk levert skip.

Marius Rosbach
05.06.2019

Vard sitt verft i Vung Tau i Vietnam får jobben med å bygge eit nytt cruiseskip for Coral Expeditions.

Nyleg fekk cruiseoperatøren overlevert sitt første cruisefartøy frå Vard, Coral Adventurer. No får fartøyet eit systerskip, Coral Geographer, som skal leverast mot slutten av neste år.

– Første fartøy vart levert i april, og vi gler oss over at kunden var nøgd med resultatet og signerte ny kontrakt, opplyser kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til NETT NO.

Bygginga er allereie i gang ved Vung Tau-verftet, ifølgje Akselvoll.

«Complete customer satifaction»

Skipa har plass til 120 passasjerar, er designa av Vard si avdelinga i Ålesund. Det vert 93,4 meter langt og 17,2 meter breitt.

Vietnam-verftet bygde både skroget og utførte utrustningsarbeidet på Coral Adventurer, medan Vard Accomodation leverte interiøret.

– På same vis som med heile porteføljen verftet har levert elles av offshore- og spesialiserte passasjerfartøy, vart skipet levert på tid, med «complete customer satifaction», seier Vard-sjef Roy Reite.

Australsk stil om bord

Coral Expedtiions-direktør Paul Chacko seier dei går for australsk design innvendig med stein og tømmer. Det nye skipet vil ha same atmosfære som dei tre tidlegare skipa deira, men har i tillegg heis for passasjerar, gym og kjøkkenløysing der restaurantgjestane kan sjå maten bli laga.

Vard inngjekk den første kontrakten med det australske selskapet i 2017.

Publisert: 05.06.2019 14:36

Sist oppdatert: 10.03.2021 20:52