Gjennom oljebransjen er ingeniør- og driftselskapet Ocean Installer er ein kjend forretningspartnar for skipsbyggingkonsernet Vard. Då konstruksjonsfartyet "Nordmand Vision" til Solstad Offshore blei døypt på Vard Søviknes, gjekk det rett ut ei lang kontrakt med Ocean Installer.
No skal dei to saman utvikle ein nytt installasjonsfartøy for vindkraftanlegg til havs.
Det skal installere større anlegg enn det som er råd med dagens fartøy.
"Skipet, som kan installere turbinkomponenter på over 1000 tonn mer enn 150 meter over havoverflaten, forventes å bli svært ettertraktet når de store internasjonale vindparkene skal bygges i årene fremover", seier Erik Haakonsholm i ei pressemelding. Haakonsholm er administrerande direktør for offshore og spesialfartøyer i Vard.
Vard og Ocean Installer meiner installasjonskapasiteten på verdsbasis er mangelfull allereie i dag, og ventar ein kraftig etterspørselsvekst framover.
Skipet blir omlag 145 meter langt og 54 meter breitt, skal operere på grunt farvatn og stå på oppjekkbare føter på havbotnen under arbeid. Skroget blir sannsynlegvis bygd i utlandet. Utrustninga kan skje ved eit norsk verft, og målet er uansett at mest mogleg av utstyret ombord er norskprodusert, i følgje Strømsnes.
Kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard seier Vard har kapasitet til å utruste installasjonsfartøyet som er under utvikling og ønskjer å konkurrere om byggeoppdraget.
No skal dei to saman utvikle ein nytt installasjonsfartøy for vindkraftanlegg til havs.
Det skal installere større anlegg enn det som er råd med dagens fartøy.
"Skipet, som kan installere turbinkomponenter på over 1000 tonn mer enn 150 meter over havoverflaten, forventes å bli svært ettertraktet når de store internasjonale vindparkene skal bygges i årene fremover", seier Erik Haakonsholm i ei pressemelding. Haakonsholm er administrerande direktør for offshore og spesialfartøyer i Vard.
Satsar på havvind
Dei to selskapa skriv i den felles pressemeldinga at Ocean Installer er prekvalifisert for store havvindprosjekt og deltek i anbodskonkurranser om havvind-utbyggingar både Europa og USA.Vard og Ocean Installer meiner installasjonskapasiteten på verdsbasis er mangelfull allereie i dag, og ventar ein kraftig etterspørselsvekst framover.
Kontrakt innan seks månader
Administrerande direktør Odd Strømsnes i Ocean Installer seier til NETT NO at invitasjonen til å bygge skipet kan gå ut innan seks månader.Skipet blir omlag 145 meter langt og 54 meter breitt, skal operere på grunt farvatn og stå på oppjekkbare føter på havbotnen under arbeid. Skroget blir sannsynlegvis bygd i utlandet. Utrustninga kan skje ved eit norsk verft, og målet er uansett at mest mogleg av utstyret ombord er norskprodusert, i følgje Strømsnes.
Kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard seier Vard har kapasitet til å utruste installasjonsfartøyet som er under utvikling og ønskjer å konkurrere om byggeoppdraget.
Publisert: 31.08.2020 10:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02