Vard i balanse paa drifta
BETRING: I fjor gjekk Vard nesten med to milliardar kroner i minus. Så langt i år er drifta omlag i balanse. 
Nytt

Vard i balanse på drifta

Kostnadskutta hos Vard gir resultat, skriv Vard-eigar Fincantieri i halvårsrapporten.

17.08.2020
Vard har mellom anna lagt ned skipsverfta sine i Aukra og i Brevik for å kutte kostnadar og tilpasse seg redusert etterspørsel. No ser Vard-eigar Fincantieri resultata av kostnadskutta som vart beslutta i fjor. I første halvår i år gjekk Vard-konsernet omlag i balanse, målt i driftsresultat før av- og nedskrivingar (EBITDA). Av- og nedskrivingar og finanskostnadar gir eit resultat før skatt i minus, men resultatforbetringa er uansett stor samanlikna med 2019.
I 2019 gjekk Vard-konsernet med 1,6 milliard kroner i underskot på drifta og fekk nesten minus to milliardar kroner i resultat før skatt. Avskrivingane i 2019 var 85 millionar kroner.

Dette skriv Fincantieri om Vard-resultatet i halvårsrapporten: "VARD ended the period with an EBITDA substantially at break-even, showing the first positive effects of the restructuring plan launched in 2019, which also resulted in the reassessment of estimated costs at the completion of the vessels in the backlog and the downsizing of production capacity in Norway."
Vard sine norske verft ligg i Brattvåg, Tomrefjord og Søvika.

Delt selskap

Fincantieri oppgir ikkje konserntal for Vard i reknskapsrapportane sine. I Fincantieri-reknskapen er Vard si verksemd fordelt på to forretningsområde, Skipsbygging og Offshore og spesialfarty. Forretningsområdet Offshore og spesialfarty omfattar bygging av fiskebåtar, offshorfarty og andre spesialfarty, og er ei rein Vard-verksemd. Bygging av cruise-båtar, og båtar til forsvaret, er ein del av forretningområdet Skipsbygging, som også omfattar det store Fincantieri-verfta i Italia.
Forretningsområdet Offshore og spesialskip hadde omlag balanse før av- og nedskrivingar alt i første kvartal i år, men no gjeld det altså heile Vard, i følgje halvårsrapporten.

Koronatap

Fincantieri måtte stoppe skipsbygging i Italia i ein periode etter at koronaepidemien råka Italia i vår. Det slo negativt ut i reknskapen og er ei viktig årsak til at Fincantieri-konsernet fekk underskot før skatt i første halvår. Også valutakursutvikling mellom Euro og norske kroner (som Vard brukar) trekte ned.
(Sjå reknskapstal i tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida)
Tidlegare i sommar varsla Fincantieri at selskapet utvida lånet som sikrar at Vard har pengar å drive for, til 3,1 milliardar kroner. Lånet er rentefritt og det er ikkje sett nokon dato for tilbakebetaling.

Publisert: 17.08.2020 17:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01