Vard skal bygge stort kabelskip
VARD-DESIGN: Verftskonsernet skal både designe og bygge det 130 meter lange skipet som skal leverast i 2023. 
Nytt

Vard skal bygge stort kabelskip

Gladnyheit frå verftskonsernet – skal designe og bygge for ny kunde frå Nederland.

Marius Rosbach
17.12.2020
Vard-konsernet melder torsdag at dei har sikra seg kontrakt for å bygge eit 130 meter langt og 28 meter breitt kabelskip.
Oppdragsgjevaren er det nederlandske Van Oord, og dette er første gong Vard bygger for denne kunden, opplyser kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll til NETT NO.
Skipet kan nyttast til å legge kablar til havs, og vil bli spesialtilpassa bruk i vindkraftmarknaden.

Batteripakke og biodiesel

Designarane til Vard i Ålesund skal teikne skipet, basert på eit Vard 9 02-design.
Skroget blir bygd ved Tulcea-verftet i Romania, før det skal utrustast og leverast frå Brattvåg-verftet i 2023.
Prosjektet blir omtala som neste generasjons kabelskip og vil ha hybriddrift. Skipet kan segle både ved hjelp av biodrivstoff, og ei større batteripakke om bord som skal gi lågast mogleg utslepp av Co2, NOx og svovel.

Skal satse innan vindkraft

Van Oord er eit nederlandsk familieeigd selskap med 150 års erfaring som aktør i maritim verksemd, og hovudkontor i Rotterdam. Dei har kring 5000 tilsette og har ein flåte med kring 70 fartøy og ein rekke spesialinstallasjonar.
Med sitt nye skip fra Vard har dei planar om å styrke posisjonen sin innan vindkraftmarknaden til havs.
Kabelskipet er om lag 20 meter kortare, enn eit tilsvarande skip for Nexans.

Les også:



Data-angrepet mot Vard:




Publisert: 17.12.2020 21:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09