Vardkontraktar for rundt 15 milliardar
FIRE MILLIARDAR: Vardsjef Roy Reite har inngått nybyggingskontraktar for cirka fire milliardar kroner hittil i år, i følgje kvartalsrapporten og børsmeldingar frå selskapet. Ligg an til å få eit godt påfyll i ordreboka om også intensjonavtalane blir til bindande kontraktar.
Nytt

Vardkontraktar for rundt 15 milliardar

Vard har skrive kontraktar og intensjonsavtalar for rundt 15 milliardar kroner hittil i år.

11.05.2018
Tidlegare i år har Vard offentleggjort to cruiseskipskontraktar med reiarlaget Ponant, ei ferje med Boreal og ein mindre fiskebåt med Hans Remøy.
Til saman utgjer dette oppdrag for cirka 2,1 milliardar kroner, i følgje kvartalsrapporten.

To milliardar til

Frå starten av april og fram til i dag har Vard offentleggjort avtalar om å og ein .
Kabelleggjaren skal utrustast på Vard-verftet i Brattvåg, trålaren hos Vard Søviknes.

Over 11 milliardar meir

4. april varsla Vard og cruise-reiarlaget Viking ein intensjonsavtale om å byggje to cruiseskip for til saman 4,5 milliardar kroner. Målet er å signere ein bindande avtale til sommaren.

I april ba Regjeringa også Stortinget om ja til å bygge tre kystvaktskip. Der er Vard plukka ut som verftskonsernet det skal forhandlast med, og i beste fall kan oppdraget til 6,8 milliardar kroner vere kontraktsfesta i sommar.
Fell både intensjonsavtalen og kystvaktskip-oppdraget på plass utgjer det oppdrag for 11,3 milliardar, som kjem på toppen av kontraktene på rundt 4,1 milliardar kroner som alt er i boks.

Auka inntekter

Driftssinntektene til Vard auka frå 1,8 til 2,3 milliardar kroner i første kvartal 2018 samanlikna med første kvartal 2017, men verftskonsernet går framleis i minus (sjå tabell)

Så langt er det først og fremst skrogverfta i Romania som har merka at Vard har fått meir å gjere, men framover vil aktiviteten hos dei norske verfta gradvis ta seg opp etterkvar som skroga kjem til Noreg for utrustning.

Vard-aksjonærane får meir tid

Etter at eigarane av over 90 prosent av aksjane i Vard sa ja til å stryke Vard frå notering på Singapore-børsen var planen til majortitetseigaren Fincantieri å tilby seg å kjøpe ut minoritetsaksjonærane, med svarfrist 14. mai. No er fristen utsett til 20. juli. Fincantieri-konernet eig over 83 prosent av aksjane i Vard og ønskjer å gjere Vard til eit heileigd datterselskap,

Børsen i Singapore har innvendingar mellom anna mot informasjonen og vurderingane frå Vard i samband med søknaden om å ta selskapet av børs. Børsen i Singapore ber om at aksjonærane får oppdatert informasjon, før godkjenninga av søknaden om å ta selskapet av børs blir gjeldande.

Den informasjonen vil Vard gi, men konsekvensen er altså at fristen for å svare på Fincantieri sitt bod på alle aksjane i selskapet blir utsett.

Publisert: 11.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22