Varier flyttar fraa Sunnmoere
ROM TIL LEIGE: Svein Lunde i Sykkylven Næringsfabrikk (tidlegare Hjellegjerde Eiendom) får ledige lokale å leige ut når Variér til sommaren flyttar resten av verksemda frå Sunnmøre til hovudkontoret i Oslo.
Nytt

Variér flyttar frå Sunnmøre

Til sommaren er det slutt for Variér på Sunnmøre. Samlar alt i Oslo.

24.02.2017
Etter at møbelprodusenten Variér i 2014 vedtok å legge ned fabrikken i Skodje og flytte produksjoner til utlandet, blei 10-15 tilsette i administrasjon, produktutvikling og distribusjon flytta til nye kontor i Hjellegjerdebygget.
No er det fire personar att, og til sommaren er det slutt. To av dei tilsette har funne andre jobbar, dei to andre er tilbodne å bli med på flyttelasset.
- Vi sentraliserer det heile til Oslo, seier administrerande direktør Jesper B. Petersen i Variér.

Enklare kommunikasjon

Forenkling av kommunikasjonen ved å samle alle tilsette i Noreg på ein plass er poenget med flyttinga, seier Petersen.
25 tilsette blei berørt då fabrikken i Skodje ble langt ned. Tøff konkurransen med produksjon i utlandet var grunnen til nedlegginga i følgje selskapet.

Berømt design

Variér produserer mellom anna møbeldesignar Petter Opsvik sine berømte balansstolar og samarbied med fleire frittståande designarar.
Medan designet skjer i Noreg blir også prototypar bygd og testa i utlandet.

Del av Stokke

Variér var opphavleg ein del av Stokke-konsernet, men blei skilt ut i 2006 og seld til investorar med fondet Credo Invest nr 1 i spissen.
Investorane i Credo Invest-systemet kjøpte også Fora Form i Ørsta frå Stokke. Fora Form blei seldt til det svenske møbelkonsernet Lammhults Design Group i 2013.


Publisert: 24.02.2017 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06