Volt collector dåp foto marius 22
VARSEL: Mattilsynet gav Volt Collector I varslar etter inspeksjon. Biletet er teke under båten sin dåp. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Varsel etter tilsyn

Fleire sunnmørsbåtar skal ha sugd opp fisk frå merdebotnen.

Mattilsynet har den siste tida gjennomført fleire umeldte inspeksjonar på slaktebåtar/bløggebåtar i Trøndelag og Møre og Romsdal.

Ved fleire av båtane har dei funne ut at fisken blir sugd opp frå merdebotnen, som gjer at død og sjuk fisk hamnar på båten. Dette skal vere i strid med forskriftene og regelverket til Mattilsynet.

Tre båtar i Møre og Romsdal var mellom dei som blei inspisert. Ein av dei fekk to varslar om vedtak, ein fekk varsel om veiledning, medan Mattilsynet ikke fann noko kritikkverdig hos den tredje.

Etter eit varsel om vedtak får den som har hatt inspeksjon korrigere eventuelle feil i rapporten, og kommenter saka - før eit eventuelt vedtak eller at saka blir avslutta.

To varsel
Båten Volt Collector I som er eigd av Remøy Management As fekk to vedtaksvarslar.

Det er løyst opp i. Vi har blant anna godkjent pumpemetode og besvarte alle forhold i rapporten – og ingen vedtak er gjort, seier dagleg leiar, Even Remøy. Han seier og det er feil å definere merdebotnen som merdebotn når merda er heist opp for å gjere behandling, (Les utdjupande kommentar etter neste mellomtittel)

I inspeksjonsrapporten frå Mattilsynet står det at dei har teke i bruk andre metodar, utstyr og tekniske innretningar enn dei har fått tildelt godkjenning for. Dermed driftast ikkje fartøyet i tråd med den tildelte godkjenninga, som er eit alvorleg brot på reglane, ifølgje Mattilsynet.

Det blei også observert at fisk som framstod som sjølvdaud blei tatt opp i båten.

– Observasjonane er løyst opp i
Dagleg leiar i Remøy Management, Even Remøy seier dei har vore i møte med Mattilsynet, og at det som blei observert er løyst opp i.

– Skipet blei heller ikkje stoppa. Nokre ting i rapporten var feil, som at vi ikkje hadde kontroll på straumen, men vi har alarmer og automatiske justeringar på anlegget.

Videoar Mattilsynet har teke viser død fisk som har kome opp i båten.

– Fisken kunne ha vore levande når den reiste inn i slangen. Merdene skal vere tomme for død fisk når operasjonane startar, seier Remøy.

Han meiner fisken er levande når den går inn i slangen, men at det ikkje er sikkert at den er det når den kjem opp.

Difor utsorterer dei død fisk om den kjem opp, og Remøy seier folk passar på heile tida.

Even T Remøy Volt dåp foto Ogne
Dagleg leiar i Remøy Management AS, Even Remøy, fortel at dei har gode rutiner for utsortering av død fisk.

Fryktar omsetjing for humant konsum
Årsaka til at det ikkje skal vere forsvarleg med innpumping av fisk frå botnen av merdene er at her ligg daud fisk, som kan føre til spreiing av smittsame sjukdomar og forureining av systemet.

– Dette er klare brot på både tildelt godkjenning, og reglane som skal sikre ei god fiskevelferd og trygg mat, heiter det i rapporten.

Mattilsynet fryktar at funna i denne båten kan medføre risiko for at den daude fisken endar opp på matbordet.

– Mattilsynet er tydelig på at daud fisk ikkje skal slaktast og omsetjast for humant konsum. Det er veldig enkelt og greitt, seier seksjonssjef Lennart Floyd Berge.

Grunna like funn for fleire fartøy, vil Mattilsynet avvente oppfølging inntil dei sentralt har funne ut korleis dei skal løyse problemet.

Gav veiledning
Båten Csaver eigd av Ålesundsbaserte Charvest AS var også blant båtane som blei inspisert.

Her var det ikkje slakting på gang då Mattilsynet kom på uanmeldt besøk.

Mattilsynet sine utsendte fekk vite at her også var det praksis med innpumping av fisk frå botn av merd, som skal vere oppfatta som vanleg praksis i næringa.

– Vi fekk eit inntrykk både under inspeksjonen og i møte i etterkant at dokker ynskjer å etterleve regelverket, heiter det i rapporten.

Dei har tillitt til at Csaver vil tilpasse krava i regelverket og valde difor å presisere utfordringar med praksisen, i staden for å bruke verkemiddel.

Cs22
Charvest AS var med på å kvalitetsikre vegleiaren til Mattilsynet som omhandler bløgging av fisk på merdkanten. Foto: Ole-Andre Leine / Charvest AS

Bekreftar observasjonane
Ole-Andre Leine er dagleg leiar i Charvest. Han bekreftar at Mattilsynet sine observasjonar på Csaver stemmer.

– Vi har fått ei skriftleg veiledning om ei prosedyreforbetring knytta til journalføring og varsling.

Han påpeikar at båten framleis er i full drift og har aldri fått slakteforbod.

– Charvest har prosedyrer som sikrar at sjølvdød fisk aldri går til slakt. Csaver har eige utstyr til pumping av fisk frå merd som blir vaska og desinfisert mellom kvart oppdrag.

Vil følge opp
Ein tredje båt, Volt Harvest III, som også er eigd av Remøy Management, blei også inspisert. Her blei det ikkje funne noko Mattilsynet ville gi varslar for.

Denne båten har litt andre krav enn dei to andre, sidan den fungerer som eit mobilt slakteri og ikkje berre ein båt der fisken blir bløgga.

Både Csaver og Volt Harvest III sine tilsette gav inntrykk av at dei ikkje heilt visste korleis dei skulle varsle om dei fann avvik på mistanke om smittsame sjukdomar og fiskevelferd, ifølgje Mattilsynet sin rapport.

Dette vil Mattilsynet følge opp.

Publisert: 13.10.2023 09:05

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:04

Mer om