Varslar nye arbeidsplassar etter oppkjoep
BLIR MED VIDARE: System Konsult-grunnleggjarane Bernt Ulstein (t.v.) og Jan Olav Sandnes har fått Valedo Partners inn på eigarsida. Det er den andre investeringa det svenske investeringsfondet har gjort på Nordvestlandet.  Sandnes og Ulstein blir med både i drifta og på eigarsida etter oppkjøpet.
Nytt

Varslar nye arbeidsplassar etter oppkjøp

Valedo Partners var med på mangedoblinga av driftsinntektene i Stryn-selskapet Norva 24. No vil investeringsfondet løfte fram programsvareselskapet System Konsult i Ålesund.

10.03.2017
Med kjøpet av System Konsult har Valedo Partners gjort si andre investering på Nordvestlandet. Selskapet er døypt om til Cordel Norge, og dei 23 tilsette i Ålesund får minst ti fleire kollegaer innan tre år, anslår dagleg leiar Jan Olav Sandnes.
Sandnes grunnla selskapet saman med Bernt Ulstein i 1987, og dei to blir fortsatt medeigarar saman med Valedo Partners.

Målet er å bygge opp eit nordisk selskap med utgangspunkt i programvareløysninga Cordel, som System Konsult har utvikla som eit administrativt system for entreprenørretta verksemd, handverk og faghandel.
- Med Cordel som base skal vi skape ein nordisk aktør, seier partnar Allan Engström i Valedo Partners.

Konsoliderer bransjen

Valedo Partners har spesialisert seg på finne og investere i selskap som har potensiale for stor vekst.
I 2015 gjekk dei i allianse med Septik24 i Stryn som transporterer og bearbeider septik, driv vedlikehald og inspeksjon av kommunale vass- og kloakkleidingar og rensing av tankar og rør på skip og raffinerianlegg.

Då hadde Septik24-eigarane alt bestemt seg for å ta føringa i ein bransjen dei meinte var overmoden for konsolidering, men var på jakt etter kapital for å finansiere veksten. Den kom med Valedo Partners som medeigar.
Utgangspunktet då Norva 24 vart etablert i april 2015 var driftsinntekter på under 100 millionar kroner. Etter at Septik 24 kom med og ei rekkje selskap er kjøpt og fusjonert inn har Norva24-konsernet, som er det nye namnet, passert 800 millionar kroner i årleg driftsinntekter. Selskapet er blitt ein stor aktør i Danmark, og og siktar mot vidare georgrafisk vekst.

Ulik vekst

Sidan Cordel Norge er eit programvareselskap må veksten skje på ein annan måte enn i Norva 24, i følgje Engström. Det er ikkje noko poeng å kjøpe mange aktørar med konkurrerande system.
Det blir meir snakk om organisk vekst, kombinert med eventuelle kjøp av selskap som har system som kan komplettere det systemet som alt er bygd opp.

Cordel Norge blir utviklingsselskapet, og etterkvart skal det etablerast søsterselskap i Sverige og Danmark. Alle skal eigaste av det nyskipa selskapet Cordel Norden, som i sin tur har Valedo Partners og dei tidlegare eigarane i System Konsult og forhandlar- og serviceselskapet Bransjedata som aksjonærar.
Partane har ikkje opplyst kva Valedo Partners betalar for å bli medeigar, eller korleis aksjane er fordelt.


Med Cordel som base skal vi skape ein nordisk aktør

Publisert: 10.03.2017 10:57

Sist oppdatert: 18.11.2021 10:12