Morten holum børsnotering 11
BØRSOPNING: Hexagon Purus-sjef Morten Holum ved børsnotering 14. desember 2020.
Nytt

Varslar større underskot i år

Fleire tilsette og større investeringar gjer at Hexagon Purus-underskoten blir større i år enn i fjor.

16.02.2021

Fleire tilsette og større investeringar gjer at Hexagon Purus-underskoten blir større i år enn i fjor.

Hexagon Purus er hydrogenverksemda til Hexagon Composites, som blei skilt ut og børsnotert som eit eige selskap 14. desember i fjor.

Då børsen stengde i går var Hexagon Purus verdsett til 14,4 milliardar kroner, 57 prosent over kursen ved børsnotering, og meir verdt enn Hexagon Composites (13,1 milliardar kroner), som er hovudaksjonær i selskapet.

Les børsmelding her

Vekstmarknad
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som energikjelde og drivstoff, frå små berbare tankar nordmenn brukar til grillen til tankar og system for lastebilar og bussar, til store mobile tankar til energiforsyning på anlegg, fabrikkar og stadar der det ikkje er gassrøyr som kna føre gassen fram.

Hexagon Composites gjer det same for hydrogen, som kan brukast som drivstoff frå personbilar og lastebilar til tog og skip. Det er ein marknad der kursen i Hexagon Composites speglar forventningar til ei komande utvikling, ikkje dagens lønsemd i selskapet.

Større investeringar
Før børsnoteringa i fjor henta Hexagon Purus inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital. Dei som deltok i den kapitaliutvidinga blei eigarar av 13,5 prosent av selskapet.

Kapitalutvidinga skjedde til kurs 27,30 kroner per aksje. Ved børsnotering vart aksjen handla til 40 kroner. 8. januar nådde kursen ein førebels topp, på 82,10 kroner per aksje og i går var kursen altså 63 kroner per aksje.

I år skal selskapet både auke staben og gjere andre investeringar for "støtte og auke farta i utviklinga v Hexagon Composites" gjer at selskapet kjem til å få eit større underskot før skatt, av- og nedskrivingar (ebitda), skriv selskapet i kvartalsrapporten for 4. kvartal.

Ebitda for kvartalet blei minus 52 millionar kroner, og for heile 2020 minus 141 millionar kroner.

Hexagon Purus ASA
Tal i mill. kroner
2020 2019
Driftsinntekter 180 211
Driftsresultat -168 -169
Res. før skatt -273 -194
4. kvartal. I mill. kroner
Driftsinntekter 33 73
Driftsresultat -69 -43
Resultat før skatt -126 -52

Milliardselskap i 2025
I 2025 skal driftsinntektene til Hexagon Purus vere på fire-fem milliardar kroner og selskapet skal ha ein tosifra ebitda-margin, ifølgje eit prospekt som blei sendt ut av Hexagon Composites i november 2020.

Hexagon Purus trur Kina blir den største marknaden for hydrogen som drivstoff i bilar, bussar og lastebilar. Selskapet er i samtaler med det kinesiske selskapet CIMC ENRIC om å etablere eit felleseigd selskap i Kina. Desse samtalane har tatt lenger tid enn venta, ifølgje kvartalsrapporten, mellom anna på grunn av reiserestriksjonar under koronaepidemien. Hexagon Purus ventar å inngå ein avtale i løpet av dei næraste månadane.

Les også: Trappar opp satsinga på hydrogenløysingar

Publisert: 16.02.2021 07:15

Sist oppdatert: 27.02.2021 15:49

Mer om