Morten Ulstein
LONDON: Morten Ulstein fekk onsdag tildelt OSJ Lifetime Achievement Award av offshoremagasinet Offshore Support Journal. Foto: OSJ
Nytt

Vart heidra i London

Morten Ulstein fekk ærespris for sitt arbeid i marknaden for offshore servicefartøy.

18.11.2021

Styreleiar i Island Offshore, Morten Ulstein, vart i går tildelt OSJ Lifetime Achievement Award – ein pris tildelt ein enkeltperson som gjennom heile livet har gjort ein særskilt og viktig innsats for marknaden for offshore servicefartøy.

Prisutdelinga fann stad i London på ein gallamiddag under den årlege konferansen til Offshore Support Journal, opplyser Island Offshore i ei pressemelding..

Entreprenørskap og nytenking
OSJ skriv følgjande i grunngjevinga:
Ulstein-namnet er godt kjent globalt i offshore energy- og shippingbransjen, og Morten Ulstein har vore ein førande og innovativ leiar, som har delt av sin kunnskap i den maritime marknaden gjennom fleire tiår. Prestasjonane hans gjennom livet utmerkar seg gjennom sunne investeringar, entreprenørskap og nytenking; kvalitetar som er klare i hans noverande styreleiarverv i Island Offshore-gruppa og Island Drilling. Hans innverknad vil vere merkbar i dei komande tiåra innan offshore energy og shipping.

I pressemeldinga vert det vist til at Morten Ulstein trakka sine barnesko på skipsverftet som bestefaren, Martin Ulstein, starta i 1917. Etter endt utdanning tok den 24 år gamle skipsingeniøren til som administrerande direktør i Ulstein Pte. Ltd., Singapore i 1979, før han returnerte til Noreg etter seks innhaldsrike år i Asia.

Er optimist
I 1985 tok han til som administrerande direktør på verftet Bergens Mekaniske Verksteder AS og motorleverandøren Ulstein Bergen AS. Vidare venta leiande roller i Ulstein Holding AS, Ulstein Industrier AS og Ulstein Propeller, før han tok til som øverste sjef i Vickers Ulstein Marine Systems i 1999, eit selskap som vart oppkjøpt av Rolls-Royce Commercial Marine same år. I 2002 hoppa han av og grunnla Island Offshore saman med syskena sine – eit rederi som no tel 26 båtar i flåten.

- Optimismen min er tilbake. Om du ser med ein 5-10 års horisont er der framleis mykje aktivitet som vil skje i industrien, og den noverande flåten, i alle fall den mest moderne delen av den, vil ha ei ganske så lys framtid, seier Morten Ulstein.

OSJ Lifetime Achievement Award har tidlegare gått til andre lokale næringslivstoppar som Idar Ulstein, Per Sævik, Kjersti Kleven og Åge Remøy.

Publisert: 18.11.2021 17:39

Sist oppdatert: 19.11.2021 08:33