Vartdal Plast kjoeper Bodoe firma
STØRSTE EIGAR: Vartdal Plast kjøper aksjemajoriteten i Løvold Industri i Bodø.
Nytt

Vartdal Plast kjøper Bodø-firma

Vartdal Plast kjøper 91 prosent av aksjane i Løvold Industri etter at Bodøselskapet gjekk på ein smell.

26.11.2018
- Selskapet har vore i ein krevande periode på grunn av frafall av viktige kundar, seier Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast om Løvold Industri
Løvold Industri lagar fiskeemballasje og byggisolasjon og har vore ein samabeidspartnar for Vartdal Plast i fleire år. Frå 2016 til 2017 fall driftsinntektene til Bodø-selskapet frå 73,6 til 58,4 millionar kroner og 2017-resultatet før skatt blei minus 9,1 millionar kroner. Før Vartdal Plast kom inn på eigarsida var Løvold Industri eigd av Løvold Industri Holding, som gjekk med 22,4 millionar kroner i underskot i 2017.
No skal Vartdal Plast få Bodøselskapet tilbake i pluss.
- Vi sit på nøkkelen til å få opp omsetninga, seier Jan Endre Vartdal.

91 prosent

Vartdal Plast kjøper 91 prosent av aksjane i Løvold Industri. Partane vil ikkje gå ut med prisen.
Løvold Industri Holding er eigd av John Henrik Løvolds selskap Jol as, og held fram som minoritetsaksjonær.
Selskapet har fabrikk i Bodø og har 14 tilsette.

Moderne anlegg

Løvold Industri har investert i nytt utstyr og nye produkt, i tillegg til å reduserer arbeidsstokken, men kom i ein skvis då inntektene fall, i følgje Vartdal. Når selskapet kom i den situasjonen var det naturleg at Vartdal Industri gjekk inn på eigarsida, seier han.
Han meiner Bodø-selskapet bør opp på 65-70 millionar kroner i driftsinntekter.
Løvold Industri skal halde fram som eige selskap, men fiskekasser og byggisolasjonen frå fabrikken i Bodø får Vartdal som varemerke.
Vartdal Plast har hovudkontor og fabrikk på Vartdal i Ørsta kommune. Selskapet har og fabrikk på Ualand og Hjelmeland i Rogaland, i Biri i Oppland og transportselskap og logistikksenter i Sykkylven. I tillegg har selskapet eigarinteresser i Nesseplast AS i Sogn og Fjordane, med produksjon på Nessane i Sogn og Fjordane og på Bømlo i Hordaland, og i Atlantic Styro på Lovund i Nordland.

I fjor hadde Vartdal Plast-konsernet 740 millionar kroner i driftsinntekter og har cirka 200 tilsette.


Publisert: 26.11.2018 09:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28