B 20240228 A7 R00635 MARTIN GISKEGJERDE OCLIN 2b
NY KASSE: Vartdal Plast utvikla spesialkassa for flytransport av fisk. Ny kjem selskapet med ei ny kasse for transport på landevegen. Målet er at kassa skal bli den nye standardløysinga for bransjen. Innfelt Vartdal Plast-leiar Jan Endre Vartal. Foto Ogne Øyehaug/Martin Giskegjerde, Oclin.
Nytt

Vartdal Plast og Mowi-samarbeid

Lanserer ny fiskekasse. Løyser avrenningsproblem.

07.03.2024

Avrenning frå last med nedkjølt laks skal bli ein saga blott med ei ny fiskekasse som Vartdal Plast og Mowi har samarbeidd om å utvikle.

Medan tradisjonelle fiskekasser av ekspanderbart polystyren (eps) har hol der smeltevatn frå kassene kan renne ut er den nye fiskekassa tett, og dessutan laga slik at fisken ikkje kjem i kontakt med væska som samlar seg opp i botnen.

Den nye fiskekassa er laga for å vere tilpassa pakking av fisk som er nedkjølt til mellom null og to grader før pakking. Det reduserer behovet for is til kjøling, og gjer og at den isen som er i kassa smeltar saktare enn om fisken har høgare temperatur når den blir pakke.

Fornøgd Statens Vegvesen
Godt nytt, seier Statens Vegvesen om den nye fiskekassa.

– Vi i Statens Vegvesen har lenge etterlyst gode løysningar for å få slutt på avrenning frå fisketransportar. Blodig fiskevatn frå vogntog grisar til ferjer og rasteplassar og kan føre til glatte vegar og farlege situasjonar i trafikken, seier avdelingsdirektør for Utekontroll i Statens Vegvesen, Kjetil Mansåker Wigdel, i ei pressemelding.

Deler med alle
Vartdal Plast har investert mellom 10 og 15 millioner kroner i utstyr for å kunne produsere dei nye kassene, men opnar likevel opp for at også konkurrentar kan produserer kassene.

- Sjølv om vi har utvikla løysninga saman, har vi ingen intensjon om å sitte på mønsteret aleine. For å kunne gjere tette EPS-kasser til bransjestandard for heile næringen, vil vi dele løysninga med andre kasseprodusentar, seier dagleg leiar Jan Endre Vartdal i Vartdal Plast i pressemeldinga.

Publisert: 07.03.2024 14:00

Sist oppdatert: 07.03.2024 14:11

Mer om