Nytt
Vassendgutane blir meir solide
Vassendgutane treng ikkje gå i banken om dei skal ei ein ny turnébuss. Eller to.
22.06.2018
Vassendgutane har trappe opp utbytte-utbetalingane siste åra, men storparten av overskotet blir liggande i selskapet.
- Vi vil gjerne ha eit solid selskap, seier manager Alf Aarseth.
Selskapet har tidlegare investert i eit utleige-eigedomsprosjekt i Ørsta og plasserte i fjor også pengar i aksjefond. Eigedomsinvesteringa er bokført til 2,3 millionar og aksjefondet til 0,9 millionar. Det meste av dei oppsparte midlar, åtte millionar kroner, står rett og slett i banken.
I år har Vassendgutane lanserte ein ny CD, og Aarseth seier selskapet ventar ein auke i driftsinntektene på 10-15 prosent. Selskapet har ein stabil kostnadsstruktur slik at auka driftsinntekter i år skal slå ut i enda større auke i lønsemda, i følgje Aarseth.
- Vi vil gjerne ha eit solid selskap, seier manager Alf Aarseth.
Selskapet har tidlegare investert i eit utleige-eigedomsprosjekt i Ørsta og plasserte i fjor også pengar i aksjefond. Eigedomsinvesteringa er bokført til 2,3 millionar og aksjefondet til 0,9 millionar. Det meste av dei oppsparte midlar, åtte millionar kroner, står rett og slett i banken.
Utbytte
Etter 2016 tok dei fire eigarane ut til saman 1,1 million kroner i utbytte. Etter 2017 blei det ein million. Vassendgutane as er eigd av Rune Ståle Brautaset, Sindre Aam, Ernst O. Brune og Arthur Johan Bjørdal (25 prosent kvar).I år har Vassendgutane lanserte ein ny CD, og Aarseth seier selskapet ventar ein auke i driftsinntektene på 10-15 prosent. Selskapet har ein stabil kostnadsstruktur slik at auka driftsinntekter i år skal slå ut i enda større auke i lønsemda, i følgje Aarseth.
Publisert: 22.06.2018 13:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23