Vassendgutane klare for nye konsertar
Vassendgutane hadde eit bra økonomisk fjorår, men korona gav konsertstopp i år. No er Vassendgutane i gang igjen.
Første konsertane etter koronastoppen var 17. og 18. juli i Arendal og Kvinesdal.
"Va fantastisk for Vassendgutane og kome sej på veien igjen, med 3 utsolgte konserta i Kvinesdal og Arendal vart det et utrulig kjekt gjensyn med publikummet vårt so aldri svikta. Tusen takk til arrangøren også som gjor sitt beste for oss heile helga."
Det skriv Vassendgutane på si Facebook-side.
Norsk Countrytreff på Breim
Men dei er kare for nye konsertar, alle med avgrensingar på 200 publkummarar.
"Om 3 veke folkens er det berre å spenne på sej bootsa og gjer klar cowboy-hatten, 7 august kjøme Vassendgutane til Stord og 8 august står Breim for tur."
I tillegg skal Vassendgutane spele på Christian Gaard på Trandal 18. - 19. september.
Stabil inntening
I fjor omsette Ørsta-bandet for 12,4 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 3,4 millionar kroner.
Dette gjorde at ein kunne betale ut eit utbyte på vel ein million kroner til Rune Brautaset, Sindre Aam, Ernst Brune og Arthur Johan Bjørdal.
Dei fire eig kvar sin fjerdedel av selskapet.
Vassendgutane har hatt veldig stabil inntening dei siste fem åra, med 12,3 millionar i 2015, 12,4 milionar i 2016, 11,3 millionar i 2017, 12,6 millionar året etter og 12,4 millionar i fjor.
Toppåret var derimot 2008, med 17,5 millionar innspelte kroner.
Selskapet har 12,9 millionar kroner i samla eigenkapital, og ingen langsiktig gjeld.
Styret skriv i årsmeldinga at ein følgjer med på koronautviklinga, også på tilskotsordningar som kan vere aktuelle.
Publisert: 31.07.2020 08:47
Sist oppdatert: 04.09.2021 00:22