Nytt
Vatne snart i mål med forhandlarnett
Vatne Møbler har gått frå fem til 15 forhandlarar.
02.07.2018
Vatne Møbler relanserte møbelklassikaren Falcon under Designer Saturday i fjor haust og satsa på å bruke den som brekkstang inn i marknaden.
Då var fem forhandlarar med på laget, no er det omlag 15 i følgje dagleg leiar og største aksjonær, Per Arne Sæter.
Han siktar mot å kome opp i rundt 20 forhandlarar i Noreg, og deretter sjå etter korleis selskapet skal vinne innpass også i Danmark.
Vatne Møbler og familien etter Resell blei samde om ein avtale i fjor, og Vatne Møbler tok opp att produksjonen i fjor.
Sæter var med og starta bedrifta på nytt i 2003, etter at det forsvann ut av soga etter at Stokke kjøpte selskapet i 1989.
Etter finanskrisa i 2007/2008 vart heile selskapet lagt på is i eitt år, før Sæter og kompanjongane tok fatt på ny i 2010.
Fram til nyleg har dei i stor grad levert på bestilling og salet har skjedd direkte frå fabrikken.
Då var fem forhandlarar med på laget, no er det omlag 15 i følgje dagleg leiar og største aksjonær, Per Arne Sæter.
Han siktar mot å kome opp i rundt 20 forhandlarar i Noreg, og deretter sjå etter korleis selskapet skal vinne innpass også i Danmark.
Start i fjor
Falcon-stolen er teikna av møbeldesignar Sigrud Resell og blei lansert i 1971. Produksjonen held fram til 1997.Vatne Møbler og familien etter Resell blei samde om ein avtale i fjor, og Vatne Møbler tok opp att produksjonen i fjor.
Slår ut i år
Salet av stolen vil først slå ut i årets reknskap.Sæter var med og starta bedrifta på nytt i 2003, etter at det forsvann ut av soga etter at Stokke kjøpte selskapet i 1989.
Etter finanskrisa i 2007/2008 vart heile selskapet lagt på is i eitt år, før Sæter og kompanjongane tok fatt på ny i 2010.
Fram til nyleg har dei i stor grad levert på bestilling og salet har skjedd direkte frå fabrikken.
Publisert: 02.07.2018 13:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23