Ved denne bedrifta gaar det bra
GALVANO: Terje Berge ser lyst på utsiktene for Galvano etter at selskapet satsa 12 millionar kroner på nytt lakkeringsanlegg.
Nytt

Ved denne bedrifta går det bra

Galvano-sjefen trur på vidare vekst etter å ha satsa tungt på bygging av nytt lakkeringsanlegg.

14.03.2019
- Det ser veldig bra ut. Vi har godt med arbeid fram til påske, og normalt brukar vi ikkje å sjå stort lenger enn tre veker fram i tid.
Det seier dagleg leiar og hovedaksjonær Terje Berge i Stranda-bedrifta Galvano.
I 2011 bygde Stranda-selskapet nytt krom- og forniklingsanlegg for ni millionar kroner. I fjor vart det bygt eit 500 meter stort lakkeringsanlegg til 12 millionar.
- Det er som natt og dag i forhold til tidlegare, både for oss som arbeider her og for kapasiteteten vi har, seier Berge.

Møbeloppdrag

Og det har ikkje mangla på oppdrag.
- Blant anna har vi fått meir arbeid for Ekornes.
- Vi har også fått inn Langlo som kunde, der vi har eit godt trepartsamarbeid her på Stranda mellom oss, Langlo og Slettvoll.
Det er lakkering og fornikling til møbelindustrien som Galvano har mesteparten av omsetninga frå. I tillegg til Ekornes og Slettvoll, har selskapet leveransar til selskap som Fora Form, Harald Krogsæter, Nordic Comfort og Vad.

Litt svekka resultat

I 2018 omsette selskapet for 30,1 millionar kroner, opp frå 28,7 millionar kroner året før.
Resultatet før skatt enda på 1,0 millionar kroner, ned frå 2,4 millionar i 2017.
- 2018 var eit spesielt år for oss. I år forventar vi å auke omsetninga med to-tre millionar kroner, i tillegg til at vi klarer å betre innteninga, seier Berge.
Selskapet har no også 12,3 millionar kroner i langsiktig gjeld etter investeringa i nye lokale.
Totalt er det 18 tilsette ved Galvano.

Veks gradvis

Terje Berge seier at det ikkje er så enkelt å få tak i tilsette.
- Men i det siste har vi vore heldige og fått tak i nokre lokale folk som har skifta beite.
Han seier at det er aktuelt å tilsetje minst ein til person i løpet av året.
- Vi tek dette gradvis, men akkurat no ser det bra ut - faktisk veldig bra ut, seier Berge.
Han eig 80 prosent av selskapet gjennom TBO Invest. Resten av aksjane har Ottar Remme.
Dei kan no fordele ein halv million kroner i utbyte etter fjoråret.
I det siste har vi vore heldige og fått tak i nokre lokale folk som har skifta beite

Publisert: 14.03.2019 10:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32