Veks kraftig etter dansk oppkjoep
ÅLESUND: Adm. direktør Kenneth Lande Klokk (til h.) og arbeidande styreleiar Hans Peter Koppernæs i Koppernæs-konsernet har ambisiøse vekstplanar.
Nytt

Veks kraftig etter dansk oppkjøp

Koppernæs-pilane peikar rett oppover etter at selskapet var på storhandel i Danmark i fjor.

01.08.2017
I oktober i fjor kjøpte Ålesund-selskapet 63 prosent av fiskemjøl- og fiskeoljeprodusenten Triple Fish og sikra seg 81,5 prosent eigarskap i det danske selskapet.
Triple Fish er ein del av Esbjerg-baserte Triple Nine Grooup, med fabrikkar i både i Norge, Danmark og Chile, og eig mellom anna 50 prosent av distribusjonsselskapet Norsildmel gjennom Vedde Sildoljefabrikk i Sula.
Les her:
Derimot er dotterselskapet i Sør Afrika seld, og selskapet i Kina under avvikling.

Milliardbutikk

Om Koppernæs-konsernet kunne bokført omsetning og resultat for heile året for sin danske verksemd, ville Koppernæs-konsernet fjor omsett for vel 2,5 milliardar kroner, og hatt eit resultat før skatt på 121 millionar.
Men på grunn av rekneskapsreglar, kan Koppernæs ikkje rekne fullt med den danske delen i konsernrekneskapen før neste år.
Dette fører til at omsetningstala for Ålesund-konsernet enda på 869 millionar kroner, som likevel er nesten ein halv milliard meir enn i 2015.
Resultatet før skatt vart på 63,7 millionar, som er solid, men likevel 43 millionar lavare enn året før.

Eigedomssatsing

I tillegg til storsatsing på fiskeprodukt, er Koppernæs gjennom Tingstad store på festeteknikk og tetningsløysingar. Aktiviteten vert drive frå Ålesund, Oslo og Göteborg, og leveransane skjer både til norsk, svensk og polsk industri.
Tingstad eig også 60 prosent av Nordic Fastening Goup i svenske Kungälv og i Gorzòw Wielkopolski i Polen.
Koppernæs er også inne på eigedomssida etter kjøpet av Koppernæs Eiendom. I fjor vart det mellom anna bygt eit nytt 2500 kvardatmeter stort varmt lager i Kungälv.
Koppernæs-konsernet består no av 430 årsverk, der 65 er kvinner. Ved forrige årsskifte var det 142 tilsette i konsernet.

Vil vekse

Styret forventar vidare vekst innan fiskemjøl og fiskeolje, sjølv om auka kvoter truleg vil gje lavare råstoffprisar i år enn i fjor. Styret fastslår at det er tøff konkurranse om fiskeråstoffet.
Innan festeteknikk og tetningsløysingar har ein spesielt god tru på vekst i den svenske marknaden, men styret slår fast at ein også er godt posisjonert for å ta nye marknadsandelar i Norge.
600 millionar korner av den bokførte omsetninga i fjor kom frå Norge, medan 156 millionar kom frå Sverige.
Konsernet har ei samla gjeld på vel 1,5 milliardar kroner, der 851 millionar er langsiktig gjeld.
Koppernæs har 13 aksjonærar der HPK Holding ved Hans Petter Koppernæs er størst med 35,1 posent av aksjane, føre Stella Holding ved Astrid Koppernæs med 28,4 prosent og J. E. Koppernæs Invest ved Jens Erik Koppernæs med 15,6 prosent.
Eigarane kan no fordele eit utbyte på 10,9 millionar kroner for fjoråret.

Publisert: 01.08.2017 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12