Nytt
Veks med sveler og kaker
Svelekontrakt med Fjord1 og kaker på menyen skal løfte Minibakeriet på Nordfjordeid godt over fem millionar i driftsinntekter i år.
27.04.2018
I tillegg til seg sjølv har Leon Knapskog over fem personar på lønningslista på Minibakeriet på Eid.
Bakeriet opna i 2015 og har utvida arbeidsstokken undervegs. I fjor passerte driftsinntektene fire millionar kroner (sjå tabell), i år ventar Knapskog å passere fem millionar med god margin.
I år fekk selskapet ein avtal om å levere sveler til ferjene som trafikkerer Lote-Anda. Fjord1 har droppa steiking ombord og heller satsa på å fylle opp automatar med sveler levert frå Minibakeriet.
Nyleg har bakeriet utvida med kaker. No brukar bakarane produksjonslokalet bak utsalet om natta og i tidlege morgontimar, medan konditorjobben blir gjort på dagtid.
Han står og bak eit anna nytt tilbod i matbransjen på Nordfjordeid, restauranten Aske gatemat & bryggeri som opna tidlegare i år.
Den eig og driv han med to partnarar, Silje Øygard og Øyvind Haugland.
Bakeriet opna i 2015 og har utvida arbeidsstokken undervegs. I fjor passerte driftsinntektene fire millionar kroner (sjå tabell), i år ventar Knapskog å passere fem millionar med god margin.
Utvidar tilbodet
Bakeriet starta med brød, bollar og annan bakst.I år fekk selskapet ein avtal om å levere sveler til ferjene som trafikkerer Lote-Anda. Fjord1 har droppa steiking ombord og heller satsa på å fylle opp automatar med sveler levert frå Minibakeriet.
Nyleg har bakeriet utvida med kaker. No brukar bakarane produksjonslokalet bak utsalet om natta og i tidlege morgontimar, medan konditorjobben blir gjort på dagtid.
Satsar meir på mat
Knapskog er eineeigar av Minibakeriet.Han står og bak eit anna nytt tilbod i matbransjen på Nordfjordeid, restauranten Aske gatemat & bryggeri som opna tidlegare i år.
Den eig og driv han med to partnarar, Silje Øygard og Øyvind Haugland.
Publisert: 27.04.2018 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21