Veks raskt og jaktar fleire tilsette
ULSTEINVIK: Conplan har base i Ulsteinvik, og vil vekse herifrå, sjølv om stadig fleire oppdrag er andre stader i landet. Her Bertil Kristiansen, Stig Longva og Idar Moldskred.
Nytt

Veks raskt og jaktar fleire tilsette

Den nye pizzafabrikken på Stranda er berre eitt av dei siste store prosjekteringsoppdraga for Conplan. No skal ein utvide staben.

01.03.2018
- Ja, det ser bra ut, og vi får stadig fleire kontraktar utanfor nærområdet, seier dagleg leiar Idar Moldskred i det Ulsteinvik- baserte selskapet.
Moldskred overtok som eigar av tidlegare Lorgen Prosjektering i 2009, og no tel selskapet åtte tilsette.
- Eg har auka gradvis med å tilsetje folk med ein kompetanse som eg sjølv ikkje har. No har vi mellom anna fire sivilingeniørar, og samla sit vi på svært god kompetanse. Dette får vi no att for.
Frykta offshorendturenHan frykta at offshorenedturen skulle merkast på selskapet som i utgangspunktet har satsa mest på kommunane på ytre søre.
Men i staden har ein fått stadig nye oppdrag andre stader på Nordvestlandet.
- I Ulstein-området har vi vore innom det meste av dei store prosjekta, men siste åra har vi fått prosjekteringsoppdrag til mellom anna nytt kommunehus i Brattvåg, nytt omsorgssenter i Måndalen, råbygget til Amfi Moa og ny Coop-butikk på Digernesskiftet.
- Seinast for eit par veker sidan vart vi også kontakta om å prosjektere eit renoveringsanlegg i Lofoten, etter at dei hadde vore på vitjing hos SSR i Ulsteinvik.
Men det største enkeltprosjektet ein no jobbar med er den nye pizzafabrikken på Stranda, der ein no hentar inn pristilbod.
- Dette vert eit bygg i tre etasjar med ei grunnflate på heile 5.000 kvadratmeter.

Konstruksjonsteknikk

Conplan har spesialisert seg innanfor fagfeltet konstruksjonsteknikk. Dette inneber spisskompetanse på betong, stål- og trekonstruksjonar.
- Vi kan bistå oppdragsgivarar med å velje det mest fornuftige beresystemet, om dette er prefabrikkert betong, stadstøpt betong stål eller tre, seier Moldskred.
Han opplyser at selskapet også prosjekterer etterspente betongkonstruksjonar, noko som ikkje så mange andre rådgivande ingeniørfirma kan tilby.
I 2016 omsette selskapet for 11,8 millionar kroner, medan det vart ein liten auke i 2017. I 2018 forventar ein derimot ein kraftig vekst, men ein har så langt ikkje planar om å etablere seg andre stader i landet.
- Vi har diskutert det, men så langt har vi bestemt oss for å utvide frå Ulsteinvik.

Ungt miljø

Fleire av dei tilsette er i 30-åra. Bertil Kristiansen seier at det unge og ambisiøse miljøet var avgjerande for at han valde å starte i Conplan.
- Her var ein tidleg ute med 3D-modellering og andre avanserte teikne- og berekningsprogram. Ein svært spennande arbeidsplass.
Selskapet tek også på seg småoppdrag.
- Vi tek også vare på små kundar som for eksempel treng bistand i å få berekne ein enkel stålbjelke eller ei altanplate. Etter kvart har vi fått innpass hos store selskap som Orkla, Peab, Veidekke, Kristiseter og Hent Entreprenør.
- Det er svært varierte arbeidsoppgåver, seier Kristiansen.

Jordskjelv verre enn vind

Idar Moldskred seier at på kysten er dei fleste kundane redde for vinden, men at det er det liten grunn til om eit bygg er rett konstruert.
- Derimot er det mykje strengare krav når det gjeld jordskjelv. Vi har ofte eit episenter utanfor Stad, og seismiske rystelsar har mykje meir å seie for styrken av ein konstruksjon enn det vinden har.
- Ofte er det 2-3 gongar strengare krav for seismikk enn for vind.
Idar Moldskred eig 68 prosent av Conplan. Resten av aksjane er fordelte mellom andre tilsette, der Stig Longva og Sigbjørn Halle kvar eig 12 prosent, medan Bertil Kristiansen eig åtte prosent.
Eg har auka gradvis med å tilsetje folk med ein kompetanse som eg sjølv ikkje har

Publisert: 01.03.2018 15:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18