Veks raskt og styrer mot boers
SATSAR: Jogeir Romestrand planlegg børsnotering av Axxis Geo Solutions.
Nytt

Veks raskt og styrer mot børs

Neste år skal Axxis Geo Solutions ha 8-10 skip i sving med nodeseismikk. Og Ulsteinvik-selskapet skal på børs.

13.11.2018
- Det ser lovande ut.
Det seier Jogeir Romestrand, som er hovedaksjonær i selskapet saman med Houston-baserte Bjarte Bruheim.

TGS-samarbeid

Også Havila Holding og Remøy Shipping er inne på eigarsida i selskapet som nyleg inngjekk strategisk samarbeid rundt nodeseismikk med seismikk-kjempen TGS – Nopec Geophysical.
- Ein viktig avtale for oss, seier Romestrand.

Samarbeidet gjeld nodeseismikk i Nordsjøen, inkludert Utsitra-feltet, der Axxis nyleg har henta inn seismikkdata frå eit område som dekker 1560 kvadratkilometer.

Mange år i Nordsjøen

Romestrand seier at det vert mange år med aktivitet i Nordsjøen i samarbeid med TGS.
- Vi tek felt for felt, område for område. I Nordsjøen er det tidlegare nesten ikkje tatt nodeseismikk.
Axxis har hittil 9.000 noder, som vert lagde i mønster på havbotnen, gjerne med 50 meter mellom nodene, der kvar node sender seismiske data til eit skyteskip.
- Kvaliteten på nodeseismikk er mykje betre enn ved streamerseismikk. Vi kan også auke kvaliteten ved å ha nodene endå tettare, seier Romestrand.

- Veldig billeg olje

Han seier at det er voldsom interesse frå oljeselskapa.
- Ein av dei store fordelane med nodeseismikk, er at ein får tatt kvalitetsseismikk tett inntil eksisterande installasjonar.
Han viser til at oljeselskapa har stort fokus på å utnytte eksisterande felt og infrastruktur betre.
- Dette er veldig billeg olje.

Nytt system

Romestrand seier at selskapet tilbyr svært fleksible løysingar, og har i tillegg i samarbeid med Kongsberg Evotec i Ulsteinvik utvikla eit nytt og meir effektivt system for utlegging og innhenting av noder.
- Vi kan no gjere dette dobbelt så raskt som tidlegare.
- For oss tar det også berre rundt tre veker å rigge eit skip for nodeseismikk.

India-kontrakt

Hittil har selskapet tatt i bruk fem skip. Det er Neptune Naiad, Geo Caspian, Havila Fortune, Pasific Finder og Sanco Sword.
Med unntak av Sanco-skipet, skal dei øvrige no frå Nordsjøen til India etter at Axxis har inngått kontrakt med det India-baserte multinasjonale selskapet Oil and Natural Gas Corporation (ONGS) om nodeseismikk utanfor India.
Samla kontraktssum er på 830 millionar kroner (99,9 millionar USD), der rundt 70 prosent av inntektene går til Axxis.
To av skipa er allereie på veg til India, på eit oppdrag som er venta å vare 4-5 månader.
- Til våren blir det full aktivitet i Nordsjøen, seier Romestrand.

Vil vekse fort

Men selskapet satsar også andre stader, og for å ta unna etterspørselen skal det leigast inn fleire skip.
- Neste år skal vi ha rundt åtte til ti skip i sving, seier Romestrand.
Han seier at selskapet har ein aggresiv vekstplan.
- Det er eit skikkeleg momentum no, og det har vi tenkt å utnytte.
Etter salet av 50 prosent av seismikkbiblioteket til TGS, truleg til ein pris som NETT No anslår til rundt 250 millionar kroner, har ikkje selskapet så bråhast med å hente inn ny kapital.
- Nei, kapitalbehovet er i alle fall betydeleg redusert, seier Romestrand.
Vi tek felt for felt, område for område

Publisert: 13.11.2018 05:57

Sist oppdatert: 21.02.2024 19:15