Nytt
Vekst for andre år på rad
Marina Solutions fekk fart på veksten i fjor. I år aukar også lønsemda.
25.08.2020
Marina Solutions lagar flytebrygger, småbåtanlegg og flytemoloar og har mellom anna levert den nye flytebrygga i betong ved rådhuset i Ålesund, som fleire av turisttrafikkbåtane til og frå Ålesund brukar (biletet). Anlegget er bygd hos samarbeidspartnarane Ulstein Betong Marine og Etne Betong og inneheld mellom anna kjellar med plass til vaskerom og utstyr.
Etter fire år med vekst stabiliserte inntektene seg for selskapet seg på omlag 80 millionar kroner i året frå 2014, men i fjor fekk selskapet fart på veksten igjen.
- Det var eit veldig aktivt år, seier dagleg leiar og medeigar Torgeir Iversen (innfelt i bildet) om 2019.
I dag har selskapet 18 tilsette og om veksten kjem som venta vurderer selskapet å auke med fleire tilsette i løpet av hausten.
Hovudkontoret i Ørsta, der dei fleste tilsette arbeier. Lageret på Bingsa i Ålesund.
I år har selskapet kjøpt kranbåt nummer to, som også blir brukt som bustad når montørane i selskapet er ute på oppdrag.
Etter fire år med vekst stabiliserte inntektene seg for selskapet seg på omlag 80 millionar kroner i året frå 2014, men i fjor fekk selskapet fart på veksten igjen.
- Det var eit veldig aktivt år, seier dagleg leiar og medeigar Torgeir Iversen (innfelt i bildet) om 2019.
Større overskot, fleire folk.
Så langt i år ligg selskapet an til ny inntektstrekord, samstundes som lønsemda aukar, i følgje Iversen.I dag har selskapet 18 tilsette og om veksten kjem som venta vurderer selskapet å auke med fleire tilsette i løpet av hausten.
Starta for seg sjølv
Bakgrunnen for selskapet er ei klassisk knoppskytinghistorie. Etter 12 år i marinaavdelinga hos Vik Ørsta - ein del av Saferoad-konsernet - slutta salsjef Torgeir Iversen og starta for seg sjølv i 2010.Hovudkontoret i Ørsta, der dei fleste tilsette arbeier. Lageret på Bingsa i Ålesund.
I år har selskapet kjøpt kranbåt nummer to, som også blir brukt som bustad når montørane i selskapet er ute på oppdrag.
Publisert: 25.08.2020 09:54
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01