Vekst i kakedisken
VEKST: Valaker-kaker frå bakeriet i Søvika skal ut i kakediskar over heile landet. Det skal vere med på å bedrifta nye løft.
Nytt

Vekst i kakedisken

Valaker Bakeri og Konditori-konsernet er på veg inn i kakedisken over heile landet.

11.04.2016
Den lønsame bakeri- og konditorbedrifta i Søvika i Haram skal vekse seg større gjennom å levere eigne kaker og andre konditorvarer over heile landet.
Valaker Bakeri og Konditori har fått avtale med Coop og startar og å levere til kaker til andre daglevaregkjeder i år.
Dagleg leiar og største aksjonær, Liv-Anette Valaker Røren, seier til NETT NO seier satsinga på å levere kaker og konditorvarer til andre enn bedrifta sine eigne kafear og utsal er ein del av forklaringa på auken i driftsinntekter i 2015 (sjå tabell).

Heile landet

Det er snakk om kaker og andre konditorvarer som blir produsert, frosne og pakka i Søvika, før dei blir sendt ut til butikkar frå Kirkenes til Lindesnes.
Kombinasjonen av utvida distribusjon i år og lansering av nye produkt for butikkane gjer at Valaker Røren ventar at satsinga skal gi større effekt for selskapet i år enn i fjor.

Meir særpreg på butikkane

Samstundes som Valaker satsar på sal til kundar utanom selskapet sine eigne butikkar, legg Valaker Røren også om satsinga i eigne utsal.
I første omgang vil fire av dei største kafe- og butikkane byrje å bake meir av varene i butikken.
- Vi skal bli enda betre i butikkane, seier Valaker Røren.

Meisterbrev

Målet er å bake opptil så mykje som 40 prosent av varene som blir selde i butikken i dei største utsala.
Det gjeld utsal på Moa i Ålesund og i løpet av mai også i Ulsteinvik.
Valaker Røren har rekruttert folk med fagbrev i konditor- og bakefaget, som skal syte for særpreg og lokalt tilpassa utval i kvart utsal.

Seier nei til kjøp

I dag har Valaker Bakeri og Konditori 11 utsal på Sunnmøre og i Romsdal (eitt på Vestnes). Slik skal det bli, i alle fal ei stund framover, trass i at Valaker Røren har fått fleire forespørslar frå folk som vil selje sine bedrifter. Så langt har ho takka nei, utvikling av bakeriet og eigne butikkar står før i køa.
- Det er ganske krevjande å drive eigne butikkar, seier ho.

Knekkebrød-suksess

Saman med medaksjonær Rune Valaker eig Valaker Røren 49,99 prosent av bakeriet Goman Valaker, som deler bygg med produksjonslokala til Valaker Bakeri og Konditori i Søvika.
Goman Valaker har Coop som medeigar og produserer brødvarer for heile landet. Til saman er det i overkant av 65 årsverk sysselsett i dei to selskapa.
Goman Valaker har hatt stor suksess med knekkebrød, og auka salet frå 43 millionar kroner i 2013 til 57 millionar kroner i 2014, mykje takka vere knekkebrødsuksessen.

Tala for 2015 er ikkje offentleggjort enno, men Valaker Røren seier dei ble enda betre i fjor enn i 2014.


Vi skal bli enda betre i butikkane

Publisert: 11.04.2016 13:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55