Vekst og betre loennsemd i Entec familien
VEKST: Jogeir Romestrand (t.v.) er dagleg leiar i Evotec medan Håvard Haanes er dagleg leiar for Brimer - og konsernsjef i Entec Group. 
Nytt

Vekst og betre lønnsemd i Entec-familien

Solide resultat frå Evotec og Brimer, og det er teke grep for å betre lønnsemda i Servitech.

Marius Rosbach
02.09.2020
Pilene peiker oppover for Entec Group-selskapa. Fjoråret enda med gode resultat for både Evotec i Ulsteinvik og Brimer på Kvamsøya, medan dotterselskapet Servitech i Ørskog enda 2019 med eit lite underskot (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
- Vi har kundar som kjem tilbake igjen og igjen, og vi har bra kontroll på kostnadene. Dette har gitt oss betre marginar. Det synest vi er kjekt, fortel Håvard Haanes til NETT NO.
Han er konsernsjef i Entec Group, og fyller også rollene som dagleg leiar for Brimer, og styreleiar i Evotec og Servitech.
– Omsetninga i Servitech auka med drygt femten prosent frå 2018 til 2019, men vi har hatt nokre maritime prosjekt der kostnadene var høgare enn venta. Difor har vi i 2020 meir vridd fokuset frå maritime røyrinstallasjonar med fast pris, og til andre markedssegment som til dømes kommunalteknisk og prosessindustri for å betre styre risikoen, fortel Haanes.

Korona «i fleisen» i 2020

Evotec som i første rekke leverer ulike handteringsystem til den internasjonale maritime industrien, sleit med underskot i åra etter oljenedturen. Haanes fortel at dei gode 2019-tala også er eit resultat av at dei har konsentrert seg meir om service- og ettermarknaden.

I år fekk dei koronapandemien «i fleisen», som han seier.
– Covid-19 ga oss ei ekstra utfordring, og reiserestriksjonar har gjort det vanskeleg å halde framdrifta i prosjekta. For Evotec sin del er det framleis nokre som er permitterte, seier han.
I løpet av året har Evotec fått fleire nye oppdrag innan fiskeri, og oppdrag i seismikkmarknaden. Svingingar i oljeprisen gir samtidig stor usikkerheit kring marknaden i oljeservice, heiter det i .

Les også:


Fleire tilsette

Trass permitteringane i Evotec har den samla arbeidsstokken i konsernet vekse i løpet av det siste året. No er dei oppe i kring 165 tilsette.
– Den generelle trenden er at vi tilsett nye folk. Vi er blitt om lag ti fleire personar i Brimer, Servitech og Entec Group så langt i 2020, og ser positive moglegheiter i marknaden framover, seier Haanes.
Han er svært imponert over korleis dei tilsette har takla dei skiftande tidene.
– Dei har teke utfordringane på strak arm. Det sett vi utruleg stor pris på, og har vore viktig for at vi har lukkast å kjempe oss gjennom desse åra – og no Covid-19, seier Haanes.

Brimer første gang over 100 mill.

For første gong bikka omsetninga til Brimer i 2019 over 100 millionar kroner, ei milepåle Haanes er svært nøgd med. Samtidig er selskapet lite råka av konsekvensane som følgje av koronapandemien, men har mellom anna sett investeringar på hald, ifølgje .
– Brimer leverer i stort grad til samfunnskritiske installasjoner og dei prosjekta går sin gang. 2020 ser eigentleg bra ut for Brimer sin del, legg Haanes til.
Brimer har også , som fekk eit overskudd på eit par hundre tusen i 2019.

Les også:





Vi har vore flinke til å halde kostnadene nede og fekk betre marginar. Det synest vi er kjekt

Publisert: 02.09.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02