Vekst stopp for Trollbryggeriet
STORE INVESTERINGAR: Jørund Ringset i Trollbryggeriet har investert i nytt bryggerianlegg med større kapasitet, i utvikling av nye øltypar, nytt design og eige selskapslokale for å legge grunnlag for ny vekst.
Nytt

Vekst-stopp for Trollbryggeriet

I sitt femte år som aksjeselskap stoppa veksten for Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda i fjor.

25.08.2016
Fleire faktorar slo ut og gjorde at vekstkurva fekk ein knekk i 2015, seier dagleg leiar og medeigar Jørund Ringset.
Bryggeriet installerte eit nytt og større produksjonsanlegg, og investert i stor ombygging og utviding av det gamle butikklokalet i Liabygda - mellom anna i eige selskapslokale. Til saman er det snakk om ei investering på rundt fem millionar kroner. Samstundes har bryggeriet utvikla og lansert fleire nye øltypar og fått laga eit nytt design på etikettar og marknadsføringsmateriell. Alt dette tok tid og krefter vekk frå salsarbeidet, samstundes som nye lokale konkurrentar kom på banen før Trollbryggeriet hadde fått sine nye øl ut i marknaden.

Angrar ikkje

Konsekvensen vises i reknskapen, driftsinntektene gjekk ned frå tre til 2,5 millionar kroner (sjå tabell) og lønsemda fall.
Men Ringset, som eig selskapet saman med Kjartan Lied, angrar ikkje.
Investeringane var nødvendige, Trollbryggeriet stanga i taket kapasitetsmessig og måtte investere for å vekse.
Det første ølet frå det nye anlegget var klart før påske i år, og Ringset seier responsen har vore positiv.
- Det ser bra ut, seier Ringset om utviklinga så langt i år.

Mange konkurrentar

Trollbryggeriet var i fleire år det einaste lokale bryggeriet på Nordvestlandet, og vaks frå 0,6 til 3,1 millionar kroner i driftsinntekter frå 2011 til 2014. Men i 2015 gjekk salet altså litt tilbake, om enn ikkje lenger enn til det nest høgaste nivået sidan starten.
I løpet av dei to siste åra har Ringset fått mange lokale konkurrentar i øl-marknaden; Tonga Gardsbryggeri i Norddal og Geiranger Bryggeri i Geiranger, Grim & Gryt Økobryggeri på Hareid og eit relansert Baatbryggeriet på Vestnes.

I Ålesund arbeider utelivs-og musikkfestivalaktørane Ante og Lars Berg Giskeødegård med å få på beina eit bryggeri, så i så fall blir det sjette på Nordvestlandet.

Reknskapstala til konkurrentane (sjå tabell) speglar først og fremst at dei er heilt i startfasen, men til saman har dei ein produksjonskapasitet som vil gi ein betydleg auke i den lokale ølproduksjonen, så sant dei klarer å slå gjennom i marknaden.
Baatbryggeriet på Vestnes har alt frå starten ein større produksjonskapasitet enn Trollbryggeriet (300.000 mot 200.000 liter). Bryggeriet var eigentleg tidleg ute. Det første Baatbryggeriet blei etablert i 2004, men nedlagt i 2007. Utstyret blei seld til Kinn Bryggeri i Florø, som i dag er blitt eit av dei store småprodusentane i ølbransjen.
Den nedlegginga angra vi på, sa dagleg leiar og medeigar Einar Brennvik til NETT NO tidlegare i år, etter at det nye Baatbryggeriet hadde starta produksjonen.

Publisert: 25.08.2016 08:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59