Nytt
Vekstplanar i Platina Seafood
Etter eit knallår i 2015 let eineeigar Andre Skarbø nesten heile overskotet ligge att i selskapet for å sikre vidare vekst.
27.05.2016
Lakseeksportøren på Stranda har aldri hatt høgare driftsinntekter, og styret seier seg "meget fornøyd" med drifta i fjor. Skarbø tok ut to millionar kroner i utbytte, den første utbyttebetalinga sidan 2011, men let nesten 25 millionar kroner bli att i selskapet.
- Eg er opptatt av å sende mest mogleg inn att i selskapet seier han.
Målet er å ha kapital for å finansiere vidare vekst og nye investeringar.
Selskapet var etablert som Norsk Sjømat Trading i 2005, og var deleigd av Norsk Sjømat.
I 2011 kjøpte André Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.
Mykje av salet går til USA og Canada, men i fjor var det eksporten til Asia som auka mest. I Miami, USA, har Platina Seafood oppretta eit eige sals- og distribusjonsselskap saman med Villa Organic-gründer Johan E. Andreasen frå Vikebukt.
Målet er eit anlegg som kan produsere 30.000 tonn laks i året.
- Det er ein del av strategien vår å kjøpe oss inn i matfiskoppdrett for å få fleire bein å stå, sa Skarbø til NETT NO ifjor.
Så langt i år ser det ut til at vurderinga i årsrapporten for 2015 slår til, i følgje Skarbø.
- Eg er opptatt av å sende mest mogleg inn att i selskapet seier han.
Målet er å ha kapital for å finansiere vidare vekst og nye investeringar.
Eksport til USA
Platina Seafood er eit reindyrka eksportselskap og baserer seg på leigeproduksjon av laks som blir seld under eige varemerke.Selskapet var etablert som Norsk Sjømat Trading i 2005, og var deleigd av Norsk Sjømat.
I 2011 kjøpte André Skarbø ut Norsk Sjømat og overtok heile selskapet.
Mykje av salet går til USA og Canada, men i fjor var det eksporten til Asia som auka mest. I Miami, USA, har Platina Seafood oppretta eit eige sals- og distribusjonsselskap saman med Villa Organic-gründer Johan E. Andreasen frå Vikebukt.
Oppdrett i USA
I fjor gjekk Platina Seafood inn og blei medeigar i Atlantic Sapphire, eit selskap som satsar på å etablere eit landsbasert oppdrettsanlegg i USA. Største aksjonær er danske Langsand Laks med 66 prosent av aksjane.Målet er eit anlegg som kan produsere 30.000 tonn laks i året.
- Det er ein del av strategien vår å kjøpe oss inn i matfiskoppdrett for å få fleire bein å stå, sa Skarbø til NETT NO ifjor.
Tøffare i år
Skarbø traff godt i marknaden både i 2014 og 2015. I år trur han på ein høgare laksepris og større press på marginane, og spesielt på foredla produkt.Så langt i år ser det ut til at vurderinga i årsrapporten for 2015 slår til, i følgje Skarbø.
Publisert: 27.05.2016 15:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57