Vekstrakettar på Sandane
Søsterbedriftene Bano og Strukturplast på Sandane har blitt tre gangar større i løpet av sju år.
Strukturplast har hatt vekst i sju år på rad. I fjor auka inntektene frå 60 til 70 millionar kroner, samstundes som selskapet også betra lønsemda (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
Strukturplast lagar produkt i polyuretan. Kundane er i fiskeri- og oppdrett, maritim bransje, offshoreselskap i oljebransjen, samferdsel og industri.
Baderoms- vekst
Ein av dei store kundane er søsterselskapet Bano, som også held til på Sandane. Bano har auka salet frå 47 til 140 millionar kroner i løpet av dei siste sju åra.
Bano lagar baderomsprodukt frå toalett og servantar, til støttehandtak og dusjsete. Poenget er å gjere det lettare å bruke badet også for personar som ikkje er støe til beins, samstundes som produkta skal tole hard bruk. Kundane er først og fremst institusjonar, men også privatpersonar.
I fjor sysselsette Strukturplast 34 årsverk, Bano 39.
Satsa på Sandane
Bano blei skipa av Roy Elsayed og Torbjørn Gisle Olseth i 2000. I 2006/2007 kjøpte dei Strukturplast på Sandane i Gloppen kommune for å få styring på produksjonen av viktige delar til baderomssystemet, og gradvis er meir og meir av aktiviteten i selskapet flytta til Sandane.
Elsayed og Olseth eig Bano og Strukturplast gjennom sitt felleseigde selskap Reto Invest.
Publisert: 23.07.2020 06:00
Sist oppdatert: 09.09.2021 10:49