Ventar 150 mrd mindre fraa olje
Nytt

Ventar 150 mrd. mindre frå olje

Samtidig som regjeringa gir utsett skatt til olje- og gassnæringa, reknar ein med at oljeinntektene blir 150 mrd. lågare enn venta.

12.05.2020
(NPK-NETT.NO): Regjeringa la tysdag fram eit forslag som skal betre likviditeten til petroleumsnæringa med kring 100 milliardar i år og neste år.
Regjeringa vil gi oljeselskapa ei utsetjing på skatterekninga gjennom endringar i avskrivingsreglane. Forslaget er i tråd med det som .

Les også:


Koronaviruset og fallande oljepris har ført til usikkerheit om planlagde olje- og gassinvesteringar framover. Samtidig har leverandørindustrien i lengre tid vore i ein krevjande situasjon med tanke på lønnsemda, i tillegg til at mange har fått ekstra kostnadar som følgje av smitteverntiltak.
Finansminister Jan Tore Sanner seier denne næringa har kunnskapen som også kan bidra til det grøne skiftet og morgondagens utfordringar.
– Det er difor viktig for regjeringa å bidra til at aktiviteten i olje- og gassnæringen og leverandørindustrien kan halde seg oppe gjennom koronakrisa, seier han i ei .

Få oversikt:


Oljeinntektene fell med nær 150 mrd.

Regjeringa reknar med at årets inntekter frå oljenæringa blir på 98 milliardar kroner. Det er rundt 60 prosent lågare enn det som opphavleg var anslått.
I statsbudsjettet for 2020 var oljeinntektene stipulerte til nærare 245 milliardar kroner. I revidert nasjonalbudsjett er talet altså justert ned til 98 milliardar.
Den viktigaste årsaka er lågare prisar på olje og gass, opplyser oljeminister Tina Bru (H) i ei pressemelding.
Petroleumsinvesteringane på norsk sokkel blir antekne å bli rundt 166 milliardar kroner i 2020, noko som er om lag 9 prosent lågare enn det som opphavleg vart lagt til grunn.

Publisert: 12.05.2020 11:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57