Ventar at seismikkskipa blir liggande stille
I OPPLAG: Volstad Maritime Holding sitt seismikkskip Geo Caspian (til høgre) ligg i opplag. Det gjer og dei to andre seismikkskipa til reirarlaget og selskapet ventar dei blir liggande i opplag resten av 2020. 
Nytt

Ventar at seismikkskipa blir liggande stille

Koronakrisa har forverra marknaden, og dei tre seismikkskipa til Volstad Maritime Holding blir ikkje tatt ut av opplag i år, spår selskapet.

02.09.2020
"Covid-19 i kombinasjon med det dramatiske oljeprisfallet fører til mindre aktivitet i offshoresektoren. Dette vil ha vesentlig påvirkning på konsernets tilgang på ny kapital, verdi på skip, inntjening, tilgang på nye kontrakter og motpartsrisiko", skriv Volstad Maritime Holding i årsmeldinga for 2019.
Selskapet blei refinansiert i 2017 og refinansieringsavtalen gav pusterom ut 2022. Trass forverringa av marknaden vil konsernet stette krava i refinansieringsavtalen - i følgje årsmeldinga - med unntak av eitt selskap i konsernet, Deep Cygnus KS. Det skal bli tilført pengar frå morselskapet i tredje kvartal. Selskapet Volstad Maritime DIS II er venta å trenge påfyll i første kvartal neste år.

Seismikk i opplag

Volstad Maritime-konsernet i Ålesund eig heilt eller delvis ni offshorefarty.
Dei tre seismikkskipa ligg alle i opplag.
Konstruksjonsskipet Deep Cygnus opererer i spotmarknaden og konstruksjonskipet Volantis har ei kontrakt som går ut i oktober i år. Tre andre konstruksjonsskip har kontrakter som varer eitt år eller lenger fram i tid. Dykkerskipet Rever Topaz har kontrakt ut 2022.

Havila inn i selskapet

Då Volstad Maritime blei refinansiert i 2022 kom det Havila Holding-eigde selskapet Sæviking inn på eigarsida.

Sæviking eig 52,5 prosent av aksjane, Ola Volstad Holding eig 47,5 prosent.

Publisert: 02.09.2020 08:59

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:30