Rune Taklo foto Ogne
OPPSVING: To år på heimekontor og med lite festar er over. Det gjer Frislid Konfeksjon-sjef Rune Taklo optimistisk. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar beste haustsesong på mange år

Rune Taklo i Frislid Konfeksjon har nettopp avslutta arbeidet med moteveka i Oslo, og er optimist etter to tøffe år.

22.02.2022

- Eg trur vi må mange år tilbake for å finne noko betre, seier dagleg leiar Rune Taklo i Frislid Konfeksjon på Nordfjordeid om innsalet til haustsesongen 2022.

Det er kombinasjonen av eit generelt løft i marknaden og at innkjøparane i butikkane likte det dei såg hos haustkolleksjonen til Frislid som gjer at Taklo i år ventar at driftsinntektene til Frislid Konfeksjon i år vil veks attende til eit før-korona-nivå-

Selskapet lagar dressar, jakker, bukser og skjorter. Det er plagg som det er lite etterspørsel etter når samfunnet er prega av heimekontor, avlyste jobbreiser, utsette eller krympa festar, familieselskap og andre sosiale arrangement.

Salet stupte
Frå 2019 til 2020 stupte driftsinntektene til Frislid Konfeksjon frå 40,2 til 28,2 millionar kroner, og selskapet fekk eit resultat før skatt på minus 2,5 millionar.

Tala for 2021 er ikkje klare enno, men Taklo seier selskapet hadde ein vekst i driftsinntekten på 20-25 prosent i fjor og fekk eit resultat i balanse.

I år ligg det an til 30 prosent vekst i driftsinntektene og overskot, ifølgje Taklo.

- Frå å vere veldig bekymra i 2020 og tidleg i 2021 er eg no optimist, seier han.

Valutasmell
Frislid Konfeksjon er eigd av finske OY Turo Tailor AB, der dagleg leiar Rune Taklo er medeigar med rundt ein fjerdedel av aksjane.

Frå å vere veldig bekymra i 2020 og tidleg i 2021 er eg no optimist
Rune Taklo, dagleg leiar i Frislid Konfeksjon

Selskapet får sydd dressar, bukse og jakker hos ein fabrikk i Litauen og betaler i euro, og sel vidare i norske kroner. Det gjer at valutakursutviklinga er viktig for resultatet. Då koronakrisa kom i mars 2020 svinga eurokursen feil veg, både brått og mykje, og forsterka vanskane for koronaepidemien skapte.

Negative ringverknadar
Sjølv om smitteverntiltaka mot kororna ser ut til å vere historie i denne omgang, er dei negative ringverknadane framleis til stades.

Forsyningslinene, frå sauebøndene i Australia til veveria i Italia, er blitt forstyrra. Varer kjem seinare fram og det er større uvisse om når dei kjem. I Italia slik veveria med sjukefråver på grunn av korona. Det øydelegg ikkje optimismen til Taklo, men det skaper uvisse om selskapet klarer å levere alt kundane vil ha, og i tide.

- Det er seinverknadar av covid over heile verda, seier Taklo.

Håpar på tid
Frislid Konfeksjon tok opp ei såkalla koronalån, eit lån med statsgaranti, for å sikre likviditeten då koronakrisa kom.

Det var ei rein kriseløysing for å unngå eit stort antal konkursar blant bedrifter som brått miste kundane sine då regjeringa stenge ned store deler av aktiviteten i samfunnet i mars 2020.

I først omgang vart fristen for å betale attende utvida til tre år, seier Taklo. No håpar han på statleg fleksibiltet om det skulle bli naudsynt for bedrifter som treng lenger tid på å betale ned slike lån.

Publisert: 22.02.2022 13:47

Sist oppdatert: 22.02.2022 13:47

Mer om